Hopp til innhold

Høyr intervju med klinikkdirektøren

Klinikkdirektør Tore Dvergsdal avviser at han har kritisert dagens organisering av fødetilbodet på Nordfjordeid. Her kan du lese og høyre kva han faktisk seier.

Tore Dvergsdal

RABALDER: Overlegar kjenner seg mobba etter klinikkdirektør Tore Dvergsdal sine utspel under eit styremøte i Helse Førde.

Foto: Bård Siem / NRK

Tore Dvergsdal sine utsegner under og i etterkant av styremøtet i Helse Førde sist fredag har skapt bølgjer i Nordfjord.

Dvergsdal argumenterte sterkt for at fødetllbodet på Nordfjordeid må leggjast ned. Samstundes hevdar legane og tilsette ved Nordfjord sjukehus at Dvergsdal sin argumentasjon byggjer på løgner og usanningar.

No krev dei offentleg orsaking.

Avviser at han har kritisert

Dvergsdal hevdar på si side at han ikkje har kritisert dagens organisering av fødetilbodet på Nordfjordeid.

I eit lesarinnlegg i Firda onsdag hevdar klinikkdirektøren mellom anna at han synest det er leit at einskilde har oppfatta delar av innlegget hans som kritikk mot dagens organisering av fødetilbodet på Nordfjordeid:

Mitt bodskap, og det som var grunnlaget for innstillinga til styresaka, handlar om korleis vi skal møte framtidige krav

Klinikkdirektør Tore Dvergsdal i Firda

LES OGSÅ:

Meiner lange vakter er uforsvarleg

No kan du sjølv vurdere kva som er fakta i framstillinga av saka.

Her er nokre av spørsmåla NRK stilte Dvergsdal like etter styremøtet sist fredag og svara han gav:

- Du nemde dette med legar og gynekologar som går på veldig lange vakter, og dette går ikkje lenger, sa du under orienteringa di. Kva legg du i dette?

- Det er slik at dei har dispensasjon frå eit regelverk fordi dei går på ei vakt som varer ei veke i strekk. Det utgjer 168 timar. Det er to personar som har desse vaktene, og det er klart at det ikkje er forsvarleg etter den drifta som skal vere i dag og den framtidsretta drifta.

Overlegar ved Nordfjord sjukehus

REAGERER: Overlegane Per Henrik Engberg (f.v.), Arne Järnbert, Kristian Humborstad, Henry Kvist, Geofredo Santander, Bengt Erik Larsson, René Kløtz og M. O. Petterson kjenner seg krenka av klinikkdirektør Tore Dvergsdal.

Foto: Anna Wuttudal, Fjordabladet

- Kva er det som ikkje er forsvarleg med at legane har så lange vakter?

- Det er fordi dei skal sove og ha eit normalt livsløp gjennom veka. Det er klart at i verste fall, dersom ein skal vere på vakt heile tida, så er ikkje det noko normalt forløp for normale yrkeaktive.

Du kan sjølv høyre intervjuet som har skapt rabalder her: