Hopp til innhold

Overlegar føler seg mobba

Overlegar på Eid kjenner seg mobba av leiinga. Samsundes kjenner fortvila Helse Førde-direktør seg totalt misforstått.

Overlegar ved Nordfjord sjukehus

REAGERER: Overlegane Per Henrik Engberg (f.v.), Arne Järnbert, Kristian Humborstad, Henry Kvist, Geofredo Santander, Bengt Erik Larsson, René Kløtz og M. O. Petterson kjenner seg krenka av klinikkdirektør Tore Dvergsdal.

Foto: Anna Wuttudal, Fjordabladet

Overlegane har laga ei felles utsegn der dei går kraftig til rette med føresetnadane for å legge ned fødeavdelinga på Nordfjordeid.

– Arrogant direktør

I Fjordabladet tysdag går fleire tilsette ut og seier dei kjenner seg latterleggjorde og utsette for løgn etter å ha høyrt utsegner frå klinikkdirektør Tore Dvergsdal under styremøtet i Helse Førde fredag.

– Eg blir faktisk mållaus. Ein arrogant klinikkdirektør som fabulerar om verksemda her og seier at «det er ikkje mykje dei kan finne på der oppe då»., seier overlege Arne Jærnbert ved Nordfjord sjukehus til NRK.

«Ikkje mykje du kan finne på der oppe»

Järnbert og kollegaene er rysta over utsegne frå Dvergsdal som fall under styretmøtet der Helse Førde vedtok å leggje ned fødeavdelinga på Nordfjord sjukehus og den forsterka fødestova ved Lærdal sjukehus.

«Dei som jobbar der i dag er to stk over 60. Dei går på dispensasjon. Det vil seie at dei jobbar 168 timar i veka på vakt. Det er ikkje etter forskriftene. Og, vi snakker her om 250 fødslar i året, og dei fleste av desse er selektert ned til Førde viss det er noko problem frå før. Eg vil seie at det er ikkje mykje du kan finne på der oppe då.», sa klinikkdirektør Tore Dvergsdal på møtet der lyden vart fanga opp av NRK sine mikrofonar.

– Krenkjer heile sjukehuset

Järnbert seier gynekologane på Nordfjordeid har minst like mange fødslar som gynekologane i Førde, og at det berre er eit fåtal som vert selektert vekk - og då like gjerne til Haukeland universitetssjukehus. Järnbert meiner det burde vere mogleg å få fleire gynekologar til Nordfjoreid - gjerne i samarbeid med sentralsjukehuset i Førde - om viljen er til stades.

Overlegane reagerer også kraftig på tonen til Dvergsdal.

– Det er ei krenking ikkje berre av fødeavdelinga, men ei krenking av heile verksemda ved sjukehuset. Dette har opprørt folk, seier Järnbert.

Klinikkdirektøren fortvilar og beklagar

Men klinikkdirektør Tore Dvergsdal er fortvila og kjenner seg totalt misforstått i ettertid. Han seier utsegnene om å ha lite å gjere på er retta inn mot ein tenkt situasjon der fire gynekologar skulle vore tilsett ved avdelinga og ikkje to som i dag.

Tore Dvergsdal

KJENNER SEG MISFORSTÅTT: Klinikkdirektør Tore Dvergsdal dreg torsdag til Eid for å skvære opp.

Foto: Jostein Nyfløtt / NRK

– Det er eg nesten like fortvila over. Det var ikkje det eg stod fram og sa. Eg sa at viss vi skulle hatt fire-seks gynekologar på vakt på Nordfjordeid på 250 friske fødslar, så hadde eg ikkje forstått kva dei skulle drive med då. Eg har aldri snakka om dei som er der i dag. Eg har aldri sagt at det er noko gale med å ha dei to som jobbar fantastiks bra 168 timar for veka, seier Dvergsdal til NRK.

Han kjenner seg ikkje att i framstillinga.

– Ingen av dei som var på styremøtet, eg har snakka med ganske mange som var til stades i salen, kjenner seg att i måten ting er blitt framstilt på i ettertid.

– Kva vil du gjere for å roe gemyttane på sjukehuset?

– Eg har alt hatt dialog med fleire av dei involverte. Eg kjem til å reise opp på eit møte torsdag, det avtalte vi alt i går. Her har det skjedd ei misforståing, og eg synest det er like leit som dei som kjenner seg råka av det, seier klinikkdirektør Tore Dvergsdal.