Hopp til innhold

Stenger råneplassen i Stryn

Råninga har blitt eit så stort problem at politiet vil stenge av heile råneområdet i bygda.

Dette vil politiet ha slutt på.
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Politiet i Stryn får stadig klager frå innbyggjerane på åtferd som er i strid med vegtrafikklova, skriv fjordingen.no .

Bebuarar plaga med høg lyd

Lensmann i Gol og Hemsedal - Inger Lill Lanes.

Lensmann i Stryn Inger Lill Lanes vil ikkje lenger ha råning i Stryn.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Lensmann Inger Lill Lanes oppmodar no kommunen om å stengje området foran brannstasjonen der rånerane held til. Ho har skrive brev til kommunen om saka, og ber dei ta tak i problemet.

- Lyden av bilkøyringa høyrest heilt opp i bustadområda på begge sider av sentrum, seier Lanes.

Vil skilt på staden

Ill. bilde

Råninga i Stryn sentrum er til sjenanse for fleire, og lensmannen ber kommunen ta tak.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Ho fortel også at det utanfor brannstasjonen er svarte spor etter gummi på asfaltdekket.

- Det er teikn på at klagene langt på veg er rettkomne, seier ho.

Lensmannen foreslår at kommunen set opp eit skilt med innkøyring forbode for at problemet skal bli løyst.