Hopp til innhold

- Råning er kunst

Rånarar i Sunnfjord synest det er urettferdig at dei ikkje får vise seg fram i gatebiletet på lik linje med andre kunstnarar.

Frå forestillinga Burn baby, burn
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Rånarar i Sunnfjord kjenner seg forfølgde av politiet.

- Det følest som om i vi ikkje får vere i fred, seier rånar Ole Morten Aase Øvrebø frå Naustdal.

Får ikkje vise seg fram

- Eg synest det er urettferdig at ein som målar for eksempel får vise seg fram på sin måte. Men vi som driv med noko som vi meiner er kunst, får ikkje vise oss fram i det heile teke, seier Øvrebø.

Han meiner dei har rett til å halde på med hobbyen sin på lik linje med andre utan å bli stogga av politiet.

Sjå og: I helga var det premiere på råneteateret "Burn baby burn" i Naustdal.

Ulovleg råning

Rånarar monterer ekstrautstyr på bilane sine og burnar, men dette er ikkje lovleg. Eitt av problema til rånarane er at bilane ikkje vert godkjende av biltilsynet.

- Vi må prøve å setje inn tiltak og vere observante. Rånarane føler kanskje at vi grip inn i noko dei ikkje likar men som publikum elles meiner vi må gjere noko med, seier lensmann i Førde og Naustdal Jan Egil Tvinde.

Han seier dei mottek fleire klager på rånarar som lagar bråk i bilane sine.

- Vi får ein god del klager på rånemiljøet frå folk i Førde som irriterer seg over bråk og spetakkel, men óg i forhold til fartsnivået i sentrumsvegar, seier han.