Hopp til innhold

Coop og rånarar forlikte att

CoopExtra stiller velvillig med mat og drikke når rånarane samlast utanfor butikken deira i Førde i kveld.

Bremsespor

Rånarar frå fjærn og nær møtest i Førde i kveld.

Foto: Olga Wergeland / NRK

Rånarane er igjen velkomne på den store parkeringsplassen utanfor CoopExtra i Førde.

Viktig med samarbeid

Rånemiljøet har ikkje alltid stått like høgt i kurs hjå CoopExtra, m.a. etter nokre tidlegare episodar med høg fart utanfor butikken. Den gongen uttalte varehuset at dei ikkje ønskte å ha rånarar på parkeringsplassen.

No har vinden snudd. Rånarane har blitt møtt med velvilje frå forretninga, som stiller med sal av mat og drikke under treffet.

– Dette tyder svært mykje for oss, seier tilskipar og rånar Ole Morten Øvrebø.

Øvrebø fortel at det er viktig for burnarane å ha eit godt samarbeid med politiet òg.

– Dei har visst i to vekers tid at me skulle ha dette treffet, og me er opptekne av å ha ein god dialog med dei. Eg trur det gjer Coop tryggare at politiet er såpass involverte, seier Øvrebø.

Andre gong

Det er andre året Sogn og Fjordane Gatebil skipar til «Vårslepp», og Øvrebø Øvrebø håpar det blir vellukka.

– Eg håpar på betre suksess i år enn i fjor, seier Øvrebø.

Dette vil politiet ha slutt på.

Bilkøyring er viktig for ungdomane, men ikkje viktigast i kveld.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Han fortel at han har lagt ned mykje arbeid i dette, og at det såleis tyder mykje at mange folk sluttar opp om tilskipinga.

– Så langt er over 359 påmelde på Facebook. Det er tvilsamt om alle desse dukkar opp, men det ser likevel svært bra ut, seier Øvrebø, som håpar på minst 100 bilar til rånetreffet.

Etter treffet på parkeringsplassen, held samlinga fram på Førde Hotell, der Øvrebø kan håpar å kunne by på ei overrasking.

– Det er ikkje heilt avgjort enno, men eg håpar å kunne tilby rånarane ei fin overrasking på hotellet, lokkar han.

Køyring ikkje viktigast

Øverbø fortel at det viktigaste ved treffet ikkje er råning, men sosialt samvære med andre bilentusiastar.

– For ein som er interessert i bil, er det å sjå ned i eit bilkarosseri noko av det mest spennande som finst, seier Øvrebø.

Trass at råning er noko som fyrst og fremst blir forbunde med ungdomar, forventar Øvrebø folk i alle aldrar på treffet.

– Det er ikkje berre ungdom som er interesserte i burning, men alle mogelege slag folk, fortel Ole Morten Øvrebø.