Av: Jon Navarsete, NRKs Sogndal-ekspert
For Even Hovland vart dagen ekstra tung etter to grove forsvarsfeil og raudt kort for kjeftbruk på slutten av kampen.
Det som såg som tre sikre poeng, enda med enorm bryneinnsats for å sikra seg det eine poenget som laget nærmast fekk av Sogndal.
– Eg er mest skuffa over at me ikkje klarar å skapa meir trøkk inne i boksen når me kjem til innlegg og situasjonar framfor mål. Der må de skjerping til. Spelemessig er det ikkje så verst, og me styrer kampen heile vegen. Det kan fort visa seg at poenget mot Bryne kan bli svært viktig, meiner trenar Aabrekk.
Flatterande
Det vil seg ikkje for Sogndal. Etter klar dominans og 2-0 leiing glapp det igjen for Even Hovland og Co.
– Det er svært flatterande for Bryne at dei får med seg poeng. Men me kan ikkj skulda på nokon og må jobba for å avgjera slike kampar, seier trenaren
Aabrekk vil ikkje peika ut Even Hovland som syndebukk etter kampen.
– Han har berga oss meir enn ein gong, og i dag var han rett og slett uheldig, seier Aabrekk som forsvarar forsvarskjempa etter 2-2 kampen.
Sogndal opna forrykande, og då Henrik Furebotn sprang gjennom og dunka innleiarmålet, såg det lovande ut. Like etter var Even Hovland høgt oppe på ein corner og nikka inn 2-0.
Der og då skulle sjølvsagt kampen vera avgjort. Men igjen rota Sogndal det til. To forsvarsblemmer der nemnde Even Hovland var involvert, sende Bryne tilbake i kampen. 2-2 heldt seg kampne ut, og i andre omgang prøvde Sogndal å avgjera, men utan å komma til dei store sjansane.
Surt
– Dette var surt. Å gje frå seg leiinga held ikkje. Likevel er dette framgang frå kampen mot Tromsdalen. Å snakka om opprykk kan me la liggja. No handlar det om fokus på trening og kvalitet på det me skal gjera. Haustsesongen er framleis lang, hevdar Mats Solheim, denne gong på backplass.
Publikum på Fosshaugane var langt frå nøgde med det Sogndal viste mot bryne. Tilløp til pipekonsert vart dårleg motteke i spelargarderoben. Men så lenge Sogndal presterer så ujamt som i dei siste kampane har vist, må spelarane rekna med utolmodige tribuneslitarar.
Mot Bryne er det berre Ayhee Elvis og Henrik Furebotn som kan få godkjent. Som lag presterer Sogndal rett og slett for dårleg. Søndag får laget ein ny sjanse til å komma på vinnarsporet. Skal laget makta å hengja med i tetkampen, må Moss sendast av bana med tap. Så enkelt, men vanskelg er det. I alle fall slik Sogndal spelar for tida.