Hopp til innhold

Statsråden fekk applaus for akutt-lovnad - vart skjelt ut for føden

Helseminister Anne-Grethe Strøm-Erchsen gjekk langt i å love ei nær freding av lokalsjukehuset i Lærdal, men ein ting kunne ho ikkje love eit fullsett folkemøte i Øvre Årdal: Framleis fødetilbod.

Anne-Grethe Strøm-Erichsen

MØTTE GRASROTA: Helseministeren måtte svare på mange krasse spørsmål då ho deltok på folkemøte i Ap-bastionen Årdal onsdag kveld.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Jan Olav Fretland

UTFORDRA: Gruppeleiar i Lærdal SV, Jan Olav Fretland, var blant dei som krevde ei hardare linje mot Helse Førde frå statsråden si side. - Du må vise dei kven som sit med avgjerslene, kravde han.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK
Marie Helene Brandsdal

FRYKTA FOR FØDEN: Varaordførar Marie Helene Brandsdal i Årdal.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK
Kari Bjørg Måren

BØN FRÅ HYDRO: Personalsjef Kari Bjørg Måren bad innstendig om at akuttilbodet i Lærdal må oppretthaldast. Statsråden svara med å love at det skal det.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK
Arve Varden og Hans Johan Breidablik

PÅ BAKARSTE BENK: Klinikkdirektør Arve Varden og fagdirektør Hans Johan Breidablik i Helse Førde.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK
Bente Øyien Hauge

AKSJONSLEIAR: Bente Øien Hauge i Forsvar Lærdal sjukehus var blant dei mange som tok ordet då det vart opna for spørsmål frå salen.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK
Anne-Grethe Strøm-Erichsen

REGJERINGA SITT SYN: Helseministeren brukte godt tid på å forklare korleis regjeringa ser føre seg framtidas lokalsjukehus- og lokalmedisinske senter. Og ho hausta mykje applaus.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK
Jon Bolstad og Anne-Grehte Strøm-Erichsen

KVA NO? Administrerande direktør Jon Bolstad i Helse Førde i samtale med helseminister Anne-Grethe Strøm-Erichsen før folkemøtet i Årdal.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– De skal få behalde sjukehuset i Lærdal slik det er, sa helseminister Anne-Grethe Strøm-Erichsen til rungande applaus frå salen i samfunnshuset i Øvre Årdal.

Vag om føden

– Men, fødetilbodet kan bli endra, sa statsråden som viser til at Helsedirektoratet jobbar med å greie ut kva slags organisering det norske fødetilbodet skal ha, sa statsråden.

Publikum reagerte med buing. Men statsråden valde å fokusere på det lokalsjukehuset skal ha.

– Det grunnleggjande i eit lokalsjukehus er at det er akuttmedisinsk tilbod. Det skal Lærdal ha. Eg trur ikkje Lærdal treng eit lokalmedisinsk senter, sa statsråden.

Dermed overraska statsråden med å gå langt i å love framleis akuttberedskap ved Lærdal sjukehus. Men det kom ingen lovnader om meir pengar til Helse Førde. Dermed er det framleis uvisst korleis helseføretaket skal klare å spare 150 millionar kroner dei neste åra.

Meir forsiktig tidlegare på dagen

Like før kveldens folkemøte, var det ei langt meir forsiktig Anne-Grethe Strøm-Erichsen som let seg intervjue av NRK Sogn og Fjordane.

– Dei ønskjer klare svar, men eg kan ikkje vere tydelegare enn eg har vore i dag, sa helseministeren Strøm-Erichsen rett før møtet starta Årdal samfunnshus klokka 18.

LES OGSÅ: Aksjonistane kuppa statsråden

Statsråden gjentok under besøket ved Lærdal sjukehus tidlegare i ettermiddag at ein skal ha lokalsjukehus, men ho kan ikkje garantere at det skal vere akutt- og fødetilbod, slik innbyggjarane i regionen krev. Seinare på kvelden var det berre fødetilbodet Strøm-Erichsen framleis var vag om.

Lokale apellar

Leiar i Årdal Arbeidarparti, Hilmar Høl, ønskte velkommen til folkemøtet som blei arrangert i regi av Arbeidarpartiet.

– Eg håpar vi alle kan bli litt klokare på kva som skal skje med lokalsjukehusa, etter kveldens møte, sa Høl.

Deretter følgte apellar frå både ordførar Arild Ingar Lægreid (Ap) og personalsjef Kari Bjørg Måren ved Hydro Årdal.

– Vi har lykkast med omstillinga og er ein kommune med aukande folketal. Då er det ein viktig tryggleik for innbyggjarane å ha eit lokalsjukehus med føde- og akuttilbod i nærleiken. Dette handlar om velgjarane sin tillit til Arbeidarpartiet, sa ordføraren i sin apell.

Hydros personalsjef peika på at verksemda, som er den største arbeidsplassen i regionen, dagleg utfører mange farlege arbeidsopperasjonar.

– For Hydro-tilsette sin tryggleik er det viktig å ha ein god og nær akuttberedskap, sa Kari Bjørg Måren, før helseministeren entra podiet i samfunnshuset.

Grilla av salen

Etter apellane og helseministeren sitt føredrag vart det opna for spørsmål frå salen. Dei fleste som tok ordet var lærdøler, og sjølv om dei fleste var letta over lovnaden om framleis akuttilbod i Lærdal, var det det uavklarte spørmålet om fødetilbodet som opptok dei fleste.

Blant årdølene som greip mikrofonen, var varaordførar Marie Helene Brandsdal (Ap).

– Tre timar til Førde, og endå lenger å køyre til Bergen er ikkje godt nok sa ho og gjekk til kraftig åtak på statsråden frå sitt eige parti.

Brandsdal viste til at dei mange nye verksemdene i Årdal har ført til ein fødselsboom i kommunen.

Strøm-Erchsen svara at ho forstod kjenslene, men meinte det var å overdrive at ein må heil til Bergen for å fø.

– På veg til Bergen køyrer ein forbi Voss. Der har ein eit velutvikla fødetilbod, sa helseministeren.

Trass mange kritiske innvendingar fekk statsråden mykje skryt for at ho kjem ut i lokalsamfunna og lyttar til kva grasrota har å seie.

– Ikkje alle i Oslo gjer det, meinte fleire.

Ordførar sparka mot naboane

Lærdals-ordførar Arne Sanden (Ap) brukte på si side mesteparten av taletid han fekk frå salen på å kritisere nabokommunane på nordsia av Sognefjorden. Kommunar som han meiner har svikta lærdølene i kampen for lokalsjukehuset.

Sanden viste til at Luster, Sogndal og Leikanger i seinare tid har vendt seg meir mot sentralsjukehuset i Førde, enn mot lokalsjukehuset på sørsida av fjorden.

– Men heldigvis har vi gode vener her i Årdal, sa ordføraren og hausta applaus.

Nøgd Ap-leiar

Møteleiar Hilmar Høl, som på førehand var spent på kva Strøm-Erichsen hadde å komme med, var ein letta mann etter kveldens folkemøte i samfunnshuset.

– Eg oppfattar det som at lokalsjukehuset er freda i lang tid framover, også med akuttberedskap. No får Helse Førde seie kva dei vil, no har helseministeren stått her på eit folkemøte og sagt korleis ho vil ha det. Då er det ho som avgjer, ikkje Helse Førde, seier Høl til NRK.

Han gir heller ikkje opp tanken på eit vidare fødetilbod i Indre Sogn.

– Når det gjeld føden, så må vi som eit politisk parti akseptere at det er ei arbeidsgruppe som ser på dette frå staten si side og skal komme med ein konklusjon. Eg er vel nøgd med møtet, seier Høl.

Bolstad: – Ikkje noko nytt

Administrerande direktør Jon Bolstad i Helse Førde deltok ikkje sjølv under folkemøtet, men følgde med frå bakarste rad.

– Det er ikkje noko nytt for oss i det som vart sagt her. Vi har faktisk planar om å ha mange funksjonar ved lokalsjukehusa. Det er berre å gå inn i strategidokumenta våre å sjå, er Bolstad sin kommentar til NRK etter møtet.

Han er forundra over at møtelyden, som for det meste var samansett av godt vaksne folk, var så oppteken av fødetilbodet.

– Her er det vel vel vel vaksne folk som er opptekne av fødetilbodet. Og det overraskar jo litt...

Ps. Torsdag morgon skal helseministeren på synfaring ved Nordfjord sjukehus. Då får nordfjoringane vite kva regjeringa tenkjer om deira framtidige sjukehustilbod.

Arild Ingar Lægreid og Anne-Grehte Strøm-Erichsen
Foto: Vidar Gudvangen / NRK