Hopp til innhold

Jubla for årets første siger

Førde imponerte stort, og banka storfavoritten Notodden 2-0 på heimebane laurdag.

Ruben Holsæter

OPP I LEIINGA: Ruben Holsæter noterte seg for sesongens andre scoring, då han i ein duell med keeper vann ballen og heada den i nota for Førde.

Foto: Rune Fossum / NRK

Mål av Ruben Holsæter og Kim Tangedal sikra Førde sin aller første siger på heimebane i 2. divisjon på mange år, etter at laget dei siste sju åra har spelt i 3. divisjon.

Og jubelen stod i taket: Først var dei trampeklappa ut av bana av eit entusiastisk heimepublikum - deretter runga jubelen i garderoben.

- Dette var utruleg herleg, gliser trenar Knut Erik Folland etter at jubelen har stilna.

- Trur vi kan overraske

For Førde har fått ein langt betre start på comeback-sesongen i 2. divisjon enn skeptikarane hadde trudd på førehand.

Førre helg spelte sunnfjordingane uavgjort borte mot Asker - ein av favorittane i avdelinga. Og laurdag vart det full pott heime mot Notodden - ein kanskje endå større favoritt.

Ikkje rart spelarane var i godlune etter kampen.

- Det var kjempemoro. Eg trur vi kan overraske i år, seier Ruben Holsæter.

- Fin blanding unge og rutinerte

19-åringen har vore ein svært viktig spelar for Knut Erik Folland i dei to første kampane: Med mål både mot Asker og Notodden, har Holsæter verkeleg fått ein pangstart på sesongen.

- Ruben har teke store steg sidan i fjor. Han er ein viktig spelar, og vi har ei fin blanding av unge og rutinerte spelarar, seier trenaren.

På topp på tabellen

Sigeren var av det fortente slaget. Etter at Notodden kom best i gang, og hadde det meste av banespelet den første halvtimen, snudde Førde oppgjeret etter 1-0-scoringane. Frå då og fram til det siste kvarteret, var heimelaget best i det meste. Notodden pressa mot slutten, men skapte aldri dei heilt store sjansane.

Førde sine mål kom etter 29 minutt ved Holsæter og eitt minutt ut i andre omgang ved Kim Tangedal.

Etter to serierundar tronar Førde no på tabelltoppen i 2. divisjon.

Sander Solvik

TETTE DUELLAR: Sander Solvik spelte kampen på topp for Førde, som måtte klare seg utan kaptein og spiss Steinar Tenden. Men Solvik løyste oppgåva på ein framifrå måte.

Foto: Rune Fossum / NRK