Hopp til innhold

Førde spelte uavgjort mot Asker

Fyrst leia Førde, så låg dei plutseleg under. Men til slutt redda førdianarane eitt poeng borte mot Asker

Knut Erik Folland

Førdetrenar Knut Erik Folland

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

- Eg er strålande nøgd, for Asker er ein av dei klaraste seriefavorittane. Gutane gjer ein fantastisk jobb heile vegen, og tek seg heilt ut, seier Førde-trenar Knut Erik Folland til NRK Sogn og Fjordane.

- Kan ta poeng frå kven som helst

Steinar Tenden sende nyopprykka Førde i leiinga søndag kveld, men etter to Asker-mål rett før og etter pause såg det mørkt ut. Likevel sikra Ruben Holsæther utlikning på straffe og poeng til Førde i 2.divisjonskampen.

- Me kunne faktisk ha bikka kampen vår veg også. Når me tek poeng borte mot ein av seriefavorittane viser det at me kan ta poeng frå kven som helst. Vidare no gjeld å gjenskapa det me gjorde i dag.