Hopp til innhold

Blir motivert av skeptikarane

Ekspertane levnar Førde lite håp i comebacksesongen i 2. divisjon. Men det trur trenar Knut Erik Folland berre er positivt for sunnfjordingane.

Knut Erik Folland

SMILER OVER SPÅDOMMANE: Ekspertar på rad og rekkje har tippa Førde på sisteplass i 2. divisjonscomebacket. Trenar Knut Erik Folland meiner det passar klubben godt - og no skal dei vise skeptikarane kva dei er gode for.

Foto: Rune Fossum / NRK

Ekspertane er samde om éin ting før seriestarten i 2. divisjon fotball: Førde blir sist - og rykkjer rett ned igjen.

Det er konklusjonen både i Dagbladet sin sportsredaksjon og hos fem av tippeselskapa NRK har sjekka.

Skal motbevise skepsisen

- Det er ein ny situasjon, ettersom vi har vore favorittar i 3. divisjon nokre år. Men det betyr null press frå dei ytre omgjevnadane, og det gir oss motivasjon at ingen trur på oss. Det skal vi bruke inn mot seriestarten for alt det er verdt, seier Knut Erik Folland.

Førde-trenaren har sjølv klistra tabelltipsa opp på veggen på kontoret sitt. Han minner stadig vekk spelarane på dei dystre førehandstipa.

- Vi skal gjere spådommane til skamme, seier han.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

- Gode nok til å berge plassen

Førde gjer søndag comeback på landets tredje høgste nivå, etter at dei har vore sju samanhengande år i lokalfotballen.

Spelargruppa har sett ned klubben si målsetjing for sesongen, og målet er å ta 35 poeng. Dei reknar med at 28 poeng skal vere nok til å berge plassen.

- Det er fem veldig gode lag i avdelinga. I nokre kampar kan vi nok konkurrere med dei - men ikkje over tid. Men dei dei resterande laga kan vi hamle opp med, meiner Folland.

Artikkelen held fram under biletet

Steinar Tenden

VIKTIG: Steinar Tenden er også denne sesongen ein svært viktig spelar for Førde. Elles har laget god dekning på alle plassar.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Mindre sårbare for skader

Allereie i første serierunde skal Førde få brynt seg skikkeleg. Då ventar Asker på bortebane - og helga etter kjem Notodden til Sunnfjord. Begge laga er å rekne mellom dei heitaste seriefavorittane.

Folland meiner det er like greit å spele mot dei beste - først som sist.

- Vi har god breidde i stallen no, og mange har teke nye steg i vinter. Kor mange som har teke 2. divisjonsnivå, veit vi ikkje enno. Men vi er mindre sårbare for skader enn før, og det er mange som kan komme inn og gjere ein jobb, seier han.

Sårbar for Tenden-skade

Sidan i fjor har Førde fått inn Vegard Skjeldestad, Elmar Dan Sigthorsson og Christer Husa. Det gir konkurranse om alle plassar på laget.

Men: Steinar Tenden og spissplassen kan vise seg å vere ein akilleshæl.

- Vi er avhengige av Steinar, som har vore skadeplaga siste åra. Thor Erik Nygård har gjort det bra som spiss, men Steinar er kaptein og representerer ein tryggleik for mange av dei andre. Han er dessutan sentral i måten vi spelar på, vedgår Folland.

- Men no er vi klare for seriestart. Vi har gledd oss sidan november, seier han.