Hopp til innhold

Fortvila elevar sit fast på Gatwick

12 elevar og lærarar frå Sogndal vidaregåande skule er no stranda på Gatwick flyplass i London.

Elevar frå 2MKA i Sogndal

Nokre av medieelevane frå Sogndal som ventar på å komme heim.

Foto: Kristoffer Nedrehegg

Grunnen er at det meste av flytrafikken i Europa no er innstilt på grunn av store oskeskyer frå vulkanutbrotet på Island.

Dei ti elevane og to lærarane frå medielinja har vore på flyplassen sidan halv seks i dag tidleg. Dei skulle ta eit fly til Bergen 08.20, men det er innstilt.

Vurderer tog via Paris

Lærar Inge Kjell Holme fortel at dei fortvila prøver å finne alternative heimreisemåtar.

– Vi prøver å komme oss via eit fly via København, men alt er uvisst. Vi har også tenkt alternative reisemåter via landjorda. Kanskje må vi ta toget via Paris og gjennom Europa for i det heile teke å komme oss heim. Så uoversikteleg er situasjonen her.

– Fryktar de at andre tenkjer same tanke når det gjeld heimreise og at toga blir fulle?

– Det har vi sjølvsagt tenkt og vi har ikkje noko anna val enn å sjå situasjonen an. Reiseoperatøren prøver å hjelpe oss slik at vi kjem oss heim.

Veit ikkje kva som skjer

Det er kaotisk på Gatwick og det er mange som lurer på kva dei skal finne på no når flytrafikken er lamma. Han fortel at det har vore lite informasjon å få frå Norwegian.

- Dei har berre innsjekkingsskranke og ingen eigen agent, så informasjonen er ikkje så veldig god. Men det er kanskje slik som forventa når situasjonen er så uoversikteleg i Norge og store delar av Europa. Vi er veldig mange i same situasjon her.

Held motet oppe

Førebels held elevane og lærarane motet oppe sjølv om dei ikkje veit korleis dei neste dagane blir.

– Vi har hatt ei kjempeveke her i London og har masse overskot slik vi tåler ein lang omveg eller venting. Det som er uvanleg her er at vi ikkje veit når vi kjem oss heim, vil det ta ein halv dag eller fire dagar? Dette kan ingen gi oss svar på.

All flytrafikk i Storbritannia vert stoppa klokka 13 norsk tid på grunn av vulkanoska. Dei britiske lufthamnene vil vere stengde i alle fall fram til klokka 19 norsk tid, opplyser britiske luftfartsmyndigheiter.