Hopp til innhold

Set foten ned for Astrupsenteret

Fylkeskultursjef Ingebjørg Erikstad går i mot planane for eit nytt besøkssenter på Astruptunet.

Astruptunet

Fylkeskultursjefen vil settje foten ned for det planalgde besøkssenteret ved Astruptunet.

Foto: NRK / NRK

Erikstad meiner den tre meter høge rasvollen vil gjere for store inngrep i kulturlandskapet. NGI har i samband med besøkssenteret påpeika rasfaren i området der besøkssenteret skal plasserast .

Stadfestar nei

Ingebjørg Erikstad

Ingebjørg Erikstad

Foto: NRK

Ifylgje avisa Firda har kulturavdelinga, Jølster kommune og NGI vore i dialog om skredsikring i lenger tid. Men justeringar i skredsikringa har ikkje nok til at Erikstad vil godkjenne prosjektet. Sjølv vil ho ikkje kommentere saka til avisa.

- Saka er ikkje heilt ferdig enno, så argumentasjonen vil bli presentert av fylkesrådmannen, seier ho.

Rådmann-nei

Også fylkesrådmann Jan Ølckers vil truleg gå imot besøkssenteret som er kalkulert til 67 millionar kroner.

- Saka er videraresend til meg, men eg har ikkje sett dokumentet enno. Eg kjenner likevel til at Erikstad vil tilrå motsegn, og sjølv vil eg mest truleg gå inn for det same, seier han.

No blir det opp til politikarane i Fylkesutvalet å godkjenne eller avslå den nye reguleringsplanen for Astruptunet og området rundt.

Stor uvisse

Dermed er det endå større uvisse kring det etterkvart omstridde besøkssenteret. Nær 1.000 innbyggjarar har skrive under på at dei ynskjer det flytta til Ålhus og samlokalisert med Eikaasgalleriet.

Verken fylkeskommunen eller Sogn og Fjordane kunstmuseum har besøkssenteret med i sine planer . Og i haust vart det klart at senteret ikkje fekk midlar i statsbudsjettet .