Hopp til innhold

Kr. 0 til Astruptunet

Astruptunet vart ikkje nevnt i statsbudsjettet.

Astruptunet
Foto: NRK

- Vi var vel klar over at det var så mange prosjekt som var framfor Astrupsenteret i køen at det var mest snakk om å sende inn ein søknad slik at vi er med i den store bunken av søknader, seier rådmann i Jølster, Jostein Bye.

67 millionar kroner

Det planlagde besøkssenteret ved Astruptunet har ein kostnad på 67 millionar kroner. Fylkeskommunen og kommunen skal betale 14 millionar til saman, DnB NOR spyttar i 7 millionar.

Jølster kommune hadde håpa på 18 millionar kroner frå Kulturdepartementet, men har fått avslag. I statsbudsjettet var besøkssenteret ikkje nemnt med eit ord.

- Det vi hadde ynskja var ein meir konkret og positiv omtale i testen til statsbudsjettet, seier Bye.

Vurdere på nytt

Arbeidsgruppa for Astruptunet kan bli nøydde til å vurdere kostanden av besøkssenteret på nytt. I eit brev til kommunen oppmodar nemleg Kulturdepartementet arbeidsgruppa til å sjå om prosjektet kan løysat innanfor ei lågare økonomisk ramme.

- Ein må sjå på om det er grunnlag for å vurdere ting på nytt når arbeidsgruppa ser på brevet frå departementet, seier Bye.

Planane om eit besøkssenter ved Astruptunet har skapt stor debatt, og fleire har protestert mot plasseringa.

Jobbar vidare

I desember skal reguleringsplanen behandlast i kommunestyret. Deretter startar arbeidet med å få på plass tilskot frå private aktørar.

Jølster-rådmannen håpar besøkssenteret kan få statlege midlar på 2010-budsjettet.

- Med utgangspunkt i vedtaka som er gjort i kommunen før reknar eg med at både adminstrasjonen og arbeidsgruppa vil jobbe vidare for å få ei løyving, og at det bør vere sjansar i 2010, seier Bye.