Hopp til innhold

Manglar lokal støtte

Besøkssenteret ved Astruptunet må prioriterast høgt lokalt for at det skal nå opp i konkurransen om statlege midlar.

Astruptunet
Foto: NRK

Verken fylkeskommunen eller Sogn og Fjordane kunstmuseum har besøkssenteret med i sine planar.

Prioriteringa er viktig

- Vi vektlegg tungt dei prioriteringane som mellom anna fylkeskommunen gjer, seier statssekretær i Kulturdepartementet, Halvor Ingebrigtsen.

Nyleg avslo Kulturdepartementet å løyve 18 millionar kroner til det planlagde besøkssenteret ved Astruptunet i Jølster kommune. Heile prosjektet er kostnadsrekna til 67 millionar kroner.

Fagfolka som vurderte søknaden vektla at verken Sogn og Fjordane kunstmuseum eller Fylkeskommunen har prioritert besøkssenteret.

Lyttar til dei lokale

Ingebrigtsen seier besøkssenteret må vere med i planane til dei lokale institusjonane dersom det skal nå opp i konkurransen om spelemidlar og budsjettmidlar i 2010.

- Det er mange god prosjekt og mange prioriteringar som må gjerast. Difor lyttar vi til dei lokale prioriteringane, seier Ingebrigtsen.

Er ikkje på lista

Fylkeskommunen har løyvd sju millionar kroner til besøkssenteret, men har ikkje prioritert det på lista over prosjekt.

- Besøkssenteret ligg på ei lang liste over prosjekt vi skulle ha realisert, men som ikkje er prioritert, seier Sisssel Loen som er leiar i hovudutval for kultur.

Både fylkeskommunen og Sogn og Fjordane kunstmuseum har prioritert kunstmuseumsbygg i Førde på topp.

Heller ikkje Sogn og Fjordane Kunstmuseum har besøkssenteret ved Astruptunet med i sine planar.

- Til no har Astruptunet vore i regi av Jølster kommune, og vi vil diskutere vegen vidare med dei, seier styreleiar Karen Marie Hjelmeseter.