Hopp til innhold

Skredfare ved Astruptunet

Fylkeskommunen krev at Jølster kommune kartlegg skredfaren før dei går vidare med planane om eit besøkssenter ved Astruptunet, seier fylkesgeolog Bjørn Falck Russenes.

Astruptunet
Foto: NRK

Det har tidlegare gått jordras i dette området.

- Vi ventar at kommunen finn ut om stabiliteten er tilfredsstillande i området, seier Falck Russenes.

Jord- og snøskredfare

I samband med Jølster kommune sitt forslag til ny reguleringsplan for Astruptunet uttrykkjer fylkeskommunen bekymring for jord- og snøskredfaren i området. Kommunen vil byggje eit besøkssenter ved Astruptunet, og alt i sommar kåra dei ein vinnar i arkitektkonkurransen.

Utsett område

No krev fylkskommunen at kommunen forsikrar seg om at det er forsvarleg å byggje eit senter der, med tanke på skredfaren. Seinast under uveret i fjor haust gjekk det eit stort jordskred ikkje langt frå Astuptunet. Fylkesgeologen seier dette er eit utsett område.

- Ja, på denne sida av Jølstravatnet ser vi at det ikkje er uvanleg med jordskred når vi har ekstremnedbør.

Veit om faren

Ordførar Gerd Dvergsdal i Jølster seier dei er klare over at området bør rassikrast, og at dette alt er teke med i planane.

 - Vi har teke det inn i prosessen, vi har og tenkt å gå i  nærare dialog med fylkesgeologen for å få utarbeidd ein mykje meir nøyaktig rapport enn den som ligg føre. Vi har og teke dette med i kalkylane våre.

Dersom området er for ustabilt og kommunen likevel skulle vedta å byggje senteret som planlagt, kan fylkeskommunen gå inn med motsegn for å stanse prosjektet.