Hopp til innhold

- Såg bjørnespora i kikerten

- Vi har venta på det, seier fjærlendingen Endre Distad som 17. mai såg bjørnespor på Bjåstad.

Bjørnespor.

Bjørn på vandring nordover på austsida av Fjærlandsfjorden.

Foto: Endre Distad

Distad bur sjølv på andre sida av fjorden, der bjørnen var på vitjing i 2006. No er bjørnen attende i bygda, inst i Fjærlandsfjorden. Spor er tidlegare funne i Jostedalen.

LES OGSÅ: Bjørnen er tilbake

- Eg såg spora i 800-900 meters høgd. Han har trakka ned kring 15 cm i snøen. Spora er 50-60 centimeter breie, frå ytterkant til ytterkant. Dei var ganske tydelege å sjå gjennom kikerten, fortel Distad.

- Garantert bjørn

Både viltforvaltar Einar Fortun og regionalt rovdyransvarleg Sverre Tveiten er interessert i Statens Naturoppsyn stadfestar at det er bjørnespor i Fjærland.

LES OGSÅ: Her gjekk ein svolten bjørn

- Ut i frå bilete, informasjon og referansar som vi har fått inn, har bjørnen heilt sikkert vore i Fjærland. Det er same mønster som sist. Får vi inn fleire tips om spor, ekskrement eller hår, så er dette noko vi vil prioritere, seier Tveiten.

(Saka held fram under biletet)

Bjørnespor i snøen på Bjåstad i Fjærland.
Foto: Endre Distad

Spor i snøen

Endre Distad var 18. mai i terrenget for å søke etter fleire spor etter bjørnen. Spora går på sørsida av elva på Berge. Bjørnen har kome i frå sør og gått nordover.

LES OGSÅ: Vil ha tips om bjørnen

- Det høgaste punktet vi har funne avtrykk, er i 1.200 meters høgde. Spora forsvinn på veg ned i Bjåstaddalen. Der er det grasmark, så vi ser ikkje spora så tydeleg, seier han.

Fann eit kadaver

I 2006 mista far til Distad fleire sauer under bjørnen sine herjingar på Distad - berre 600-700 meter frå skulehuset.

LES OGSÅ: Bjørnen herja nær skulen

Det er førebels ikkje funne sauekadaver som kan knytast til bjørnen i år.

- Vi fann eit kadaver på Berge for sju dagar sidan, men det er uvisst om det er bjørn eller jerv som har drept den, seier han. Så lenge ein ikkje kan stadfeste at bjørnen har drepe sau, får ikkje bøndene fellingsløyve på bjørnen.

- Må ha fellingsløyve

I området der bjørnen no er observert, skal det vere 60 vaksne sauer og lamb. Ein bonde har allereie henta ned sine 37 ungsauer frå fjellet.

LES OGSÅ: Vil skyte bjørnen no

- Dette er ikkje noko særleg for oss som driv med sau. No har vi sporsnø som vi kan følgje. Vi kan ikkje vente med eit fellingsløyve til bjørnen har byrja å drepe, meiner Distad.

Uviss rute

Då bjørnen sist turnerte i fylket, i 2006, vart det meldt om observasjonar i Jølster og Førde. Det er uvisst kvar bjørnen har teke turen denne gang.

LES OGSÅ: Ynskjer bjørnen velkommen

- Går den mot Jostedalsbreen, så har den alle moglegheiter opne, seier Distad.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.