Hopp til innhold

Ynskjer bjørnen velkommen

Dyrevernarar meiner jostedølene reagerer primitivt.

Bjørnespor Jostedal
Foto: Statens Naturoppsyn

Les og: Bjørnen er tilbake

Les og: Her gjekk ein svolten bjørn

Les og: Vil skyte bjørnen no

- Det er ein veldig typisk norsk reaksjon at så snart det oppstår ein konflikt mellom dyr og menneske, eller ein potensiell konflikt som i dette tilfellet, så grip dei til våpen og vil utrydde og drepe. Det er ein primitiv tankegang vi ikkje kan akseptere, seier dyrevernar Jenny Berg Rolness frå Florø.

Søkte fellingsløyve

Ho og andre dyrevernarar i fylket er ikkje begeistra over at sauebøndene i Indre Sogn straks greip til våpen, så snart bjørnespora i Jostedalen vart oppdaga. Allereie dagen etter ein fann spora, sendte Jostedalen sankelag søknad om fellingsløyve til Direktoratet for naturforvaltning.

(Artikkelen held fram under biletet).

Bjørnespor Jostedal

Biletet er teke tysdag og viser bjørnen si vandring i Jostedalen.

Foto: Statens Naturoppsyn

- Ikkje la bøndene bestemme

- Norske bønder og jegerar har allereie langt på veg utrydda dei store rovdyra. Dei bør for det første respektere dei ville dyra sine rettar. Dei bør og respektere at det finst andre grupper i samfunnet som har ynskje om ein levande natur og ein samansett fauna. Så det kan ikkje vere ei gruppe, altså sauebøndene, som bestemmer over faunaen i Norge.

- Men har du ikkje forståing for at bøndene vil verne sauene sine?

- Bøndene har sjølvsagt ansvar for å beskytte alle dyra sine mot fare på beite, og det gjeld ikkje berre rovdyr. Av dei 130.000 sauene som årleg døyr på beite er det berre 3.000 som kan dokumenterast er drepen av rovdyr, seier Jenny Berg Rolness.

- Ikkje sikkert den drep

Også fylkesleiar Maja Styve Loftesnes i Natur og Ungdom ber bøndene tenke seg før dei drep ein truga dyreart.

- Eg tykkjer det er dumt at dei ikkje tenker seg om. Det er greitt at dei er redde for sauene sine, men det er ikkje vist kor mykje sau bjørn har drepe opp gjennom åra, seier ho.

Ved siste teljing i fjor var det berre 126 bjørnar att i Norge.

- Så det er ikkje vits å ta kverken på dei no. Vi må passe på husdyra betre, for bjørnen er også ein del av den norske faunaen og det er jo ikkje sikkert den har tenkt å drepe sau. Den har jo nett vakna og er svolten, men den har ikkje drepe sauer enno, og vi veit jo ikkje kvar den er på veg enno.