Hopp til innhold

Ap og H går saman for utbygging av verna vassdrag

Høgre og Arbeidarpartiet går saman og vil ha storstila kraftutbygging i verna område.

Nils P. Støyva og Noralv Distad

ØNSKJER UTBYGGING: Fylkesgruppeleiar Nils P. Støyva frå Arbeidarpartiet meiner kraftubygging må setjast på dagsorden. Også gruppeleiar Noralv Distad frå Høgre meiner det må opnast for utbygging. Gruppeleiar og ordførar i Aurland, Noralv Distad, meiner det går an å kombinere utbygging og turisme.

Foto: NRK

Mange elvar og vassdrag i Sogn og Fjordane er verna mot inngrep. Det vil to tidlegare motstandarar ha slutt på.

– Eg ser ikkje heilt alle problemstillingane knytt opp til kraftutbygging som enkelte hevdar. Difor meiner eg at dette må setjast på dagsorden og diskuterast, seier fylkesgruppeleiar Nils P. Støyva frå Arbeidarpartiet.

Også gruppeleiar Noralv Distad frå Høgre meiner det må opnast for næringsaktivitet i enkelte verneområde.

Dei to står vanlegvis på kvar si side i dei fleste saker. Men no har fylkesgruppeleiarane funne kvarandre. Enorme vassmengder fossar gjennom fylket. Dei to politikarane vil tene pengar på det. Også dei vassdraga som ligg i verna område.

– Det høge fallet i Stryn er ei svært aktuell utbygging. Det vil føre til stor verdiskaping og auka aktivitet. Vi vil få energi som verda har behov for, seier Støyva.

Vil ha pilotprosjekt

Ap-mannen Støyva er ikkje den einaste stryningen som har tenkt det. Hans etterfølgjar som ordførar i kommunen, Sven Flo frå Høgre, har tidlegare lanserte spenstige idear.

– Vi burde sjå på eit pilotprosjekt i Stryn i forhold til å byggje ut eit anlegg i verna vassdrag, seier Flo.

77 prosent av Stryn er verna. Og slik vil helst naturvernarane ha det. Ein av dei er Elisabeth Dahle som er koordinator i Forum for natur og friluftsliv i fylket.

– Vi treng å behalde nokre intakte vassdragssystem. Vi veit for lite om den samla belastninga som vi vil gjere på denne naturtypen dersom vi ikkje klare å avgrense den. Visuelt vil det vise igjen, seier ho.

Fryktar ikkje for turismen

Men at naturen skal bli skjemma av turbinar og røyr, uroar ikkje Støyva i Arbeidarpartiet.

– Distad og eg representere to kommunar som er veldig store på reiseliv. Aurland har kraftutbygging medan Stryn nesten ikkje har det. Så vidt eg veit, er det ikkje dei store problema mellom reiseliv og kraftutbygging. Eg veit ikkje kor mange sinte turistar som kjem til ordføraren for å protestere, seier Støyva.

Distad stadfestar at det går fint å vere både stor turistkommune og samstundes store på kraft.

– Dette går veldig fint i lag og har vore akseptert av turistar i alle år.

– Begge opptekne av næringsutvikling

Begge fylkesgruppeleiarane vil gjerne ofre vern for klimaet og pengane si skuld.

– Seksti prosent av magasinkrafta i Europa ligg i Norge. Vi har store moglegheiter til å utvikle det slik at vi blir både ein ressurs både for oss sjølv og for Europa. Difor må vi ha ein gjennomgang for å sjå om det er gode prosjekt i Sogn og Fjordane som kan realiserast.

– Kva tenkjer de om at det er Høgre og Arbeidarpartiet som har funne kvarandre i denne saka?

– Høgre og Ap har lang tradisjon for å samarbeide om slike saker. Det har det vore tradisjon for både på Stortinget og fylkestinget, seier Støyva.

– Det er ikkje noko nytt. Begge partia har vore opptekne av å skape verdiar og næringsutvikling, seier Distad.

Miljøverndepartementet har ikkje hatt høve til å kommentere denne saka.

.

SJÅ TV-SAKA: Høgre vil ha vasskraft i verna område