Hopp til innhold

Vil ha kraft frå verna vassdrag

Ordførar Nils P. Støyva i Stryn meiner tysk stenging av atomkraftverk bør resultere i utbyggingar av verna vassdrag.

Nils P. Støyva og Nausta

BYGG UT: Ordførar Nils P. Støyva i Stryn (innfelt) ynskjer meir utbygging av verna vassdrag. Nausta er ei av 36 verna vassdrag i Sogn og Fjordane.

Foto: Fotomontasje

Norge kan bli nøydde til å ta eit større ansvar for straumproduksjonen når tyske atomkraftverka skal avviklast innan 2022.

Stryneordførar Nils P. Støyva meiner Norge har mykje ubrukt kraft som bør utnyttast.

– Vasskraft er ei rein og fornybar energiform, og eg er av den meining at ein i alle fall i verna vassdrag bør opne for noko meir kraftutbygging, seier Støyva.

– Eit lite bidrag

Tyske styresmakter varsla i førre veke at dei vil stengje alle atomkraftverk. 26 prosent av den tyske straumproduksjonen vil forsvinne, og skal erstattast av mellom anna vind- og gasskraftverk.

Støyva meiner auka behov for straum i Tyskland gjer at nordmennene bør opne for meir vasskraft. I Norge er 338 vassdrag verna. Av desse ligg 36 i stryneordføraren sitt heimfylke.

– Eg trur nok at dette er ein diskusjon som vil komme opp att dei næraste åra. Utbygging av verna vassdrag vil ikkje redde energproduksjonen for Europa, men det vil gi eit lite bidrag i ein globalt vanskeleg situasjon, meiner Støyva.

Vil byggje ut

Stryneordføraren er sjølv open for å revurdere utbygginga av Breheimen i Stryn. På 1980-talet var dette ei stor sak, men etter ein langvarig dragkamp enda det med at vassdraget vart varig verna i 1993.

Støyva kunne godt tenkt seg utbygging i delar av vassdraget for å skaffe meir rein fornybar energi.

– Høgefallet i Breheim-utbygginga mot Stryn, meiner eg er noko vi kunne vurdert att, seier han.

– Vern er vern

Leiar i naturvernutvalet i Sogn og Fjordane Turlag, Alvar Melvær, er ikkje samd med Støyva. Han vil ikkje ha meir vatn i røyr - særleg ikkje i dei verna vassdraga.

– Eg tykkjer ikkje noko om den utbyggingsiveren. Ein bør tenkje i andre baner. Eg er ikkje i mot all utbygging på noko måte, men er for fornuftig utbygging av vassdrag. Men verna vassdrag bør vere verna, seier han.