Hopp til innhold

Legg kraftkabel rett i lakseelv

Elveeigarane i Naustdal rasar mot Statnett og NVE etter at dei kveld vart sett i gang gravearbeid i lakseelva Nausta.

Statnett legg kraftlinje ned i lakseelva Nausta.

SJÅ VIDEO: Legg kabel tvers over lakseelva i Naustdal.

– Det er jo forunderleg å sjå kva eit statleg selskap kan gjere i eit verna vassdrag, seier ein av grunneigarane, Eiliv Erdal til NRK.

Trass sterke protestar, byrja gravemaskiner no i kveld å leggje kraftkabel gjennom eit av dei beste gyteområda i det verna vassdraget Nausta.

Grunneigarar og fiskarar fryktar at fiskestammen i ei av landet beste lakseelver kan bli rasert.

– Kan det vere rett at ein berre skal setje i gong og grave gjennom der fisken alt har gytt, undrar Erdal.

Elva Nausta

ARBEIDET I GANG: Statnett legg kraftlinje i kabel tvers over lakseelva Nausta.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Billegaste løysinga

Den gamle kraftlinja som kryssar dalen skal gravast ned i elva. For åssidene må gi plass til Statnett si nye gigantlinje på Vestlandet.

For å verne fiskelivet, kravde elveeigarane kabeltunnel i staden for å grave i elvebotnen.

– Så skal ein då gjere det etter den billegaste løysinga ved å grave over elva i den delen der det sannsynlegvis har gytt mest fisk, seier Erdal som tydeleg er forbanna på at NVE har gjeve løyve til tiltaket.

– Uheldig timing

Nausta var i fjor landets nestbeste lakselv. Å fiske fiske her kan glatt koste 1200 kroner i døgnet. Han jobbar for å fremje fisketurisme.

Ingen i NVE som har gitt løyve til arbeidet, vil uttale seg. Hos Fylkesmannen si miljøvernavdeling får NRK opplyst at det er lite truleg at arbeidet blir stoppa. Men Fylkesmannen meiner timingen er svært uheldig for fisken si gyting.

– Eg meiner at fylkesmannen si miljøvernavdeling må stogge dette og krevje at det vert gjort ei fagleg vurdering og ei konsekvensutgreiing til liks med det vi andre er blitt pålagt ved tiltak i elva, konkluderer elveeigar Eiliv Erdal.

Har prøvd å bore

Det er Statnett som er ansvarleg for arbeidet, og dei hevdar at dei først forsøkte løysinga som elveeigarane ønska, å lage ein kabeltunnel under elva.

– Vi har prøvd å bore under elva, slik grunneigarane ville at vi skulle gjere. Vi starta med retningsstyrt borting på sju meter under elva, men traff raskt på fjell. Vi prøvde også å bore på fire meter under elva, der traff vi og på fjell. Å leggje kabelen i elva, var siste løysing, seier kommunikasjonsrådgjevar i Statnett, Martha Hagerup Nilson til NRK.