Hopp til innhold

Navarsete vil finne løysingar for kommunar som Solund

Solund kommune kjem dårleg ut sjølv om regjeringa aukar overføringa til kommunane neste år. No vil kommunalminister Liv Signe Navarsete finne løysingar for kommunen.

Navarsete Solund kommune
Foto: NRK

– Eg har sett i gang eit eige arbeid for å sjå på kommunar som til dømes Solund og nokre andre kommunar som har kome uførutsett skeivt ut av inntektssystemet, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete.

Regjeringa aukar pengesekken til kommunane, men leitar etter løysing for kommunar som likevel kjem dårleg ut.

Vil finne løysing

Sjølv om regjeringa aukar overføringa til kommunane neste år med mellom 6 og 6,5 milliardar kroner, vil enkelte kommunar likevel komme dårleg ut.

Det vedgår kommunalministeren. Solund er ein slik kommune, og Navarsete har difor sett i gang eit arbeid i departementet for å finn løysingar for desse kommunane.

– Det må vi finne ei løysing på, men den er ikkje klar til å bli lagt fram i dag.

Fell utanfor

For sjølv om regjeringa aukar pengesekken, er det nokon som fell utanfor veksten, og Solund er ein av desse.

Ole Gunnar Krakhellen

POSITIV: Orførar i Solund Ole Gunnar Krakhellen.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Dersom vi ikkje veks like mykje som landsnittet når det gjeld folkevekst, så går vi reelt ned i inntekter, seier Solundordførar Ole Gunnar Krakhellen (H).

Han seier at dette gjer Solund år etter år og at dei då fått eit mindre og mindre handlingsrom. Han er fornøgd med at Navarsete no vil sjå på dette.

– At ministeren er villig til å sjå på det for Solund sin del ser eg som veldig positivt.

Håpet er at departementet har funne ei løysing når statsbudsjettet blir lagt fram til hausten.

– Det er klart at slike signal vert følgt opp med handling.