Hopp til innhold

Fem prosjekt kan få bulystmidlar

Fem ulike prosjekt frå heile Sogn og Fjordane kjempar no i finalen om å få bulystmidlar frå kommunaldepartementet.

Stongfjorden frå Skålefjellet.

BULYST: Tilflyttingsprosjektet i Stongfjorden kan få midlar frå kommunaldepartementet.

Foto: Oddgeir Askevold

Hovudutval for plan og næring i fylkeskommunen vedtok i dag å løfte fram fem søknader til årets bulystordning.

– Vi har fått mange gode søknader i år, og vi veit av erfaring at bulystprosjekta våre gjev resultat. Difor håpar vi at departementet støttar flest mogeleg i årets bulystløyving, seier hovudutvalsleiar Hilmar Høl (Ap) i ei pressemelding frå fylkeskommunen.

I Sogn og Fjordane vart det søkt om støtte til 13 søknader. Hovudutvalet har vedteke at desse fem prosjekta skal gå vidare til departementet.

  • Europeisk arbeidsinnvandring, Stongfjorden Vekst
  • Velkomen til Vik, Vik kommune
  • Undring i kvardagen, Naustdal kommune
  • Bulyst ved nasjonalparken, Jostedalsbreen nasjonalparksenter, Stryn
  • Bergteken, Aurland kommune

Tidlegare har Sogn og Fjordane fått statleg støtte til i alt 12 ulike bulystprosjekt, mellom anna fekk Bratt Moro i Sogndal støtte i 2011.

Kommunal- og regionaldepartementet har i 2013 lyst ut 35 millionar kroner til satsing på bulyst.

Departementet har i år avgrensa tema til innvandrarar, ungdom og tilflytting, samt andre tema, som er godt distriktspolitisk grunngjevne og har ei god lokal og regional forankring. Bulystordninga er i 2013 lyst ut for fjerde og siste år.