Hopp til innhold

Solund held fast ved vind-nei

Formannskapet i Solund held fast ved at kommunen seier nei til vindmøller i Ytre Sula.

Biletet viser visualisering av vindkraftanlegget på Ytre Sula

MILLIONINNTEKTER: Kommunen har sagt nei, men sikra seg i fjor sommar ein økonomisk avtale om det blir noko av.

Foto: ASK Rådgivning

Sula kraft vil leggje sjøkabel frå Solund til Lutelandet for å få politikarane med på å støtte planane om vindmøller i området.

Både gjennom folkerøysting og kommunestyrevedtak har sulingane sagt nei til vindkraftplanane.

I dag kom formannskapet fram til at det ikkje er ei god nok årsak til at ein bør revurdera det klåre neiet frå både folkerøystinga og kommunestyret.

– Det var fire mot ein om at me framleis bør seie nei til vindkraft, seier Tom Færøy (Ap).

Tidlegare Høgre-ordførar Sveinung Kråkaas, som sit i kommunestyret, har tidlegare denne veka sagt at ein ikkje kan bruke resultatet av folkerøystinga i fjor når dei skal handsame saka på nytt, etter utspelet frå Sula Kraft.

Men formannskapet meiner noko anna.

– Endringane i planane er ikkje vesentlege nok til at me er nøydde til å ta det opp att, seier Færøy.

Kommunestyret skal også ta stilling til spørsmålet i juni, men Færøy trur ikkje at svaret blir noko annleis.

– Eg forventar det same resultatet, men eg kan jo sjølvsagt ikkje ta det for gitt, seier han.

NVE har slege fast at dei neppe kjem til å seie ja til utbygginga med så sterke politiske signal i botn. Olav Osvoll i Sula Kraft hadde trua på at haldningane ville endre seg når dei no presenterer planen om sjøkabel i staden for master og linjer. Men slik ser det ut til at det ikkje blir.