Hopp til innhold

– Dette betyr veldig mykje for alle oss som bur og jobbar her

I dag kom fiskeriminister Lisbeth Berg Hansen med gladmeldinga fiskarar har ønskt seg: minstemålet på sei vert likevel ikkje endra.

Minstemålet på sei vert ikkje endra.

SJÅ TV-SAK: Minstemålet på sei vert ikkje endra.

– Det betyr veldig mykje for alle oss som bur her og jobbar her, seier Sylvi Røys, dagleg leiar i Brødrene Larsen AS.

Dei har brukt nesten tre millionar kroner på ein maskin som gjer at dei kan ta i mot småsei. Men etter dei gjorde det sa Regjeringa av dei ville endre på minstemålet på fisken. Det ville betydd kroken på døra for mange bedrifter.

Men Berg Hansen hadde med seg ei gladmelding til fiskarane i dag då ho besøkte Bremanger og Svanøy: minstemålet vert ikkje endra, og vil framleis vera 32 cm sør for Stad.

– Eg har blitt kjend med, både frå bedrifter og ivrige politikarar, at det ville fått store konsekvensar om me vedtok det me hadde på høyring, seier ministeren.

– For å sikra verdas fremste sjømatnasjon, er me avhengige av slike bedrifter og slike stader som dette. Då må me ikkje gjere slik at me legg dei ned. Men me må sjølvsagt også passa på bestanden, me må greia begge deler.

– Kor viktig var tilbakemeldingane i distrikta omkring dette?

– Det var heilt avgjerande. Det å få høyre at dette vil leggja ned bedrifter, det gir eit sterkt inntrykk på meg. Av omsyn til bestanden so må me sjå på om me kan sikre bestanden på andre måtar, men det vil me koma tilbake til seinare.