Sju av departementa når målet om minimum 25 prosent tekstar på nynorsk.
Politisk rådgjevar Tord Dale (Ap) i Fiskeridepartementet, er samd med Liv Signe Navarsete at det er for dårleg.
- LES OGSÅ:
– Nynorsk er eitt av skriftspråka i Norge, og det er mange som brukar nynorsk. Då må departementa klare å publisere tekstar på nynorsk, seier han.
Ti av 17 bryt lova
Med fanfarar opna kulturminister Hadia Tajik (Ap) språkåret i januar. I 2013 skal nynorsken både feirast og styrkast. No syner ministeren si eiga oversikt at ti av 17 departement bryt mållova.
Best er Dale sitt Fiskeridepartement med over 40 prosent, framfor både Navarsete sitt kommunaldepartement og Bård Vegar Solhjell sitt miljøverndepartement.
(Artikkelen held fram under tabellen)
– Vi er eit departement som har stort nedslagsfelt i nynorskområde og vi har mange nynorskskrivande i departementet. Det trur eg hjelper mykje på, seier Dale.
Sju prosent
På botnen ligg sogndølen sin tidlegare arbeidsgjevar, Helsedepartementet, med usle sju prosent nynorsk.
– Det er litt flautt, for eg var tilsett i den perioden som resultata kjem frå. Å oppnå den prosenten er ikkje så vanskeleg. Det handlar om å ha eit medvite forhold til dei tekstane ein publiserer. Det meiner eg er fullt mogeleg å klare, seier han.
Og departementsråd Bjørn-Inge Larsen vedgår at dei må skjerpe seg.
– For dårleg kultur
– Eg trur rett og slett at vi ikkje har noko god kultur og rett haldning til bruk av nynorsk i dokumenta våre.
– Kor mykje nynorsk brukar du sjølv?
– Eg er nok ikkje spesielt god til å bruke nynorsk i det daglege, så er ein av dei som må ta seg saman om eg skal nytte nynorsk i større grad enn i dag.
I kommunaldepartementet vil ikkje Navarsete akseptere at regjeringa bryt si eiga lov.
– Alle departement må leggje vind på å auke delen sin. Dei må sjølvsagt først komme over den grensa på 25 prosent, men det er strålande om fleire gjer det som vi og fiskeri og kystdepartementet har gjort, å liggje godt over denne grensa, seier ho.
– Står på viljen
Nyvalt leiar Marit Aakre Tennø i Noregs Mållag meiner det verkar som regjeringa ikkje vil skrive nynorsk.
- LES OGSÅ:
– Eg trur heller at det skortar på vilje enn at det er vanskeleg å klare kravet, seier ho og får delvis støtte frå statssekretær Kjersti Stenseng i Kulturdepartementet.
– Vi har påpeika dette ved fleire høve at dette er eit leiaransvar. Det er ei embets og tenesteplikt for leiarar på alle nivå i staten å etterleve mållova. Vi må ha fleire til å bruke nynorsk enn det vi har i dag.
Jobbar for betre rutinar
Det er Stenseng sitt departement som er ansvarleg for nynorsken i heile staten. Difor er det kanskje ekstra pinleg at også dei bryt mållova.
Dei brukar 23 prosent nynorsk.
– Vi jobbar for å få betre rutinar for bruk av nynorsk, for å få opp kompetansen og få fleire til å bruke nynorsk. Effekten av mållova blir redusert og det blir meir krevjande å halde dei to norske skriftkulturane i hevd når ikkje staten og departementa klarer å innfri krava i mållova, seier statssekretæren.
– Må ta ansvar
Og sjølv om både viljen og evna til byråkratane blir trekt i tvil, meiner Tord Dale det er statsrådane som leiar departementa som må ta ansvar.
- LES OGSÅ:
– Ser ein til dømes i kommunal og regionaldepartementet, det første Liv Signe gjorde var å ta heile departementet med på nynorskkurs. Det same ser ein i Miljøverndepartementet, med Bård Vegar. At ein har fått ein kulturminister i Hadja Tajik som er veldig språkmedviten og bruker nynorsk som sitt hovudmål har mykje å seie for alle departementa, avsluttar Dale.