Hopp til innhold

Lustring skal leie Mållaget

Marit Aakre Tennø frå Luster vart laurdag vald til ny leiar i Noregs Mållag.

Marit Aakre Tennø

NY LEIAR: Marit Aakre Tennø frå Luster tek over som leiar etter Håvard B. Øvregård.

Foto: Noregs Mållag

Det skjedde under landsmøtet i Ørsta. Marit Aakre Tennø er opphaveleg frå Brattvågen på Sunnmøre, men bur i Jostedalen.

Aakre Tennø tek over etter Håvard B. Øvregård som etter fire år som leiar sa i frå seg attval.

– Eg gler meg til å arbeide for at nynorskelevane skal bli trygge i sitt eige språk, seier Aakre Tennø.

Ny offensiv

Eit offensivt landsmøte i Mållaget vedtok at ein vil ha ein eigen nynorskdidaktikk for opplæring i nynorsk som hovudmål, og at hovudmålet må følgje eleven gjennom heile grunnskulen.

Mållaget meiner dette er viktige steg på vegen mot ein heilt ny måte å tenkje om utfordringane for nynorsken på.

– Vi treng ein heilt ny språkpolitikk som har som mål å hindre språkskifte frå nynorsk til bokmål. I dag har kunnskapministeren ingen politikk for å hindre slikt språkskifte, seier Aakre Tennø.

Mindre eksponering

– Språkpolitikken må gjere elevane medvitne om kva utfordringar som kjem til å møte dei som brukarar av eit mindre brukt språk, og styrkje den språklege sjølvkjensla deira, held den nyvalde leiaren fram og avsluttar.

– Ei opplæring i nynorsk som hovudmål må ta omsyn til dei særlege utfordringane til nynorsken som mindre brukt språk, for å hindre språksskifte. Mindre bokmålseksponering er mellom føresetnadene som må på plas.