Hopp til innhold

Tapte 5-1 i årets første seriekamp med Førde

Det blei stortap for Førde då dei møtte Bærum i årets første kamp i 2.-divisjonsserien. For den ferske Førde-spelaren, Øystein Myrkaskog var det skuffande at tapet blei så stort.

Førde-Bærum
Foto: Karl Braanaas / Budstikka

– Dei første 25 minuttar så henger vi veldig bra med og er fullt på høgde med Bærum, fortel Øystein Myrkaskog (24) om serieopningskampen.

Under seriestarten for 2. divisjon i dag var Førde austover og spelte årets første kamp mot Bærum på Sandvika stadion.

Kampen enda 5–1 til Bærum og heimelaget tar leiinga i serien.

– Vi skapar ein del farlege sjansar. Fram til det var det ganske moro. Etter det spelar Bærum ganske bra utover.

Myrkaskog signerte kontrakt med Førde i januar og har tidlegare spelt for Vik. Der han er omtale som ein målkonge.

– Dei er eit betre lag enn oss så dei vinnar fortent, fortel Myrkaskog som er skuffa over at dei sprekker såpass at dei tapar 5–1. Det er for dårleg, meiner han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Øystein Myrkaskog med nyskriven Førde-kontrakt

SKUFFA: Øystein Myrkaskog er skuffa etter 5–1 tapet mot Bærum.

Foto: Arve Uglum / NRK

Skuffa

– Bærum er betre, men vi øydelegg litt for oss sjølv og. Det er skuffande. Vi fekk i alle fall kjenne litt på nivået i dag, så då veit vi kvar vi må liggje. Vi lyt skjerpe oss til neste gong, meiner spelaren frå Vik.

Han opplever Bærum som eit tøffare lag med større tempo.

– Dei er betre kompakte som lag, så du kjem ikkje til så mange sjansar, så når du får ein må du setje han og det klarte eg ikkje i dag.

Myrkasog er kjend for å vere ein målkonge i heimbygda Vik, men innrømmer at det var vanskeleg å setje måla under denne kampen.

– Første 20 minutt har eg vel to skot og ei heading. Den eine eg hadde skal sitje, så eg skulle i alle fall hatt eit mål i dag.

Kampen

Første mål til heimelaget kom etter 37 minutt.

Like etter pause skårer Bærum to mål på kort tid og leiar med tre mål.

Like etter reduserer Førde etter ei skåring av Christoffer Hafsås.

Bærum skårer nye to mål like før kampslutt.

Trivst i Sunnfjord

– Det er kjempemoro å spele med Førde. Eg er teke godt i mot her oppe. Masse gode spelarar og hyggjelege folk, men eg har ikkje vore så lenge enda.

Myrkaskog fortel at det manglar litt før han er komfortabel med systemet og spelemåte, men at det vil komme.

– Kva forventingar har du til sesongen?

– Personleg så må det vere å klare å spele meg inn i ein fast plass og så får vi ta det litt der ifrå. Eg har lyst til å fortsette med å skåre mål. Lagmessig så har eg lyst til å kome på øvre halvdel av tabellen, men då må vi skjerpe oss, avsluttar han.