Hopp til innhold

Assistenttrenar og sportsleg leiar sykla til Molde-kampen

Sportsleg leiar Håvard Flo og assistenttrenar Terje Skjeldestad har funne sin eigen måte å komme seg til Sogndal sine bortekampar på. Dei syklar ...

Flo og Skjeldestad

SYKLE, SYKLE: Håvard Flo og Terje Skjeldestad tek innimellom sykkelen fatt for å komme seg til bortekamp, seinast i kampen mot Molde laurdag der sogndølene vann 2–1.

Foto: privat/Oddleif Løset/Geir Bjarte Hjetland/Svein Ove Ekornesvåg / NRK/NTB Scanpix

– He-he, jau, vi prøver å halde oss litt i form. Det starta vel i fjor eller i forfjor at vi tok nokre turar, stadfestar Flo.

Men han understrekar at det slett ikkje er kvar kamp dei syklar til, berre så det er sagt.

Årets første sykkeltur til bortebane var fredag då Sogndal møtte Molde borte. Då sykla dei to strekninga Skei–Festøya, ei strekning på om lag 14 mil, noko som kjendest godt bak.

Litt strabasiøs tur nordover

– Du kan vel seie det slik. Det var tungt, ja, seier Flo, og legg til at han ikkje har så altfor mange mil på sykkel i beina.

– Det var ein strabasiøs tur, men det var berre moro. Men litt sår her og der, ja, seier Flo.

Han meiner Terje Skjeldestad er hakket betre rusta til utagerande sykkelturar.

– He-he, eg har kanskje bitte litt betre grunnlag enn Håvard, men turen gjekk fint, den. Og Håvard tok i det han klarte, ler Skjeldestad.

(Artikkelen held fram under biletet)

Terje Skjeldestad

AVKOPLING: Terje Skjeldestad brukar syklinga til å kople av på veg til bortekamp.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Var årets første

Han presiserer at dette var første bortesykkelturen i år, og at forma betrar seg raskt ettersom ein får fleire mil i beina.

– Om eit par turar er Håvard endå lettare i kroppen, og då skal du sjå det blir saker, ler Skjeldestad.

Trenar Jonas Olsson funderte på om det var sykkeloppladninga som gav den retten energien i laget, og førte til at sogndølene knuste regjerande seriemeister Molde 2–1 laurdag.

– Han sa at viss det var slik det hengde i hop, så fekk vi berre sjå til å sykle til kvar einaste bortekamp. Men eg er litt i tvil om det. Då vi sykla til Bergen i fjor, hadde vi vårt første tap, så eg trur ikkje vi skal satse på at det ser sykling som skal til, seier Skjeldestad.

Fin måte å tømme hovudet på

Dei to karane poengterer at dette er eit reint sosialt tiltak, som har med seg ein del positive fysiske bieffektar.

– Vi er jo i lag frykteleg mykje, og det meste handlar om fotball. Dette er eit ledd i det å tømme hovudet og tenkje litt anna enn fotball. Dessutan er det ikkje alltid lett å finne tid til trening i ein travel kvardag, så då er dette eit konkret tiltak, seier Flo.

Og som Skjeldestad poengterer, så er dette tid dei likevel skal bruke på vegen.

– I utgangspunktet skal vi sitje i buss. Men om vi då brukar nokon timar på sykkelsetet i staden, så er det vel brukt tid, seier Skjeldestad.

(Artikkelen held fram under biletet)

Håvard Flo

MORO: Håvard Flo presiserer at sykkelstuntet er berre for moro, og at det slett ikkje vert kvar bortekamp dei skal tråkke seg av garde.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Hoppar på spelarbussen, eller har følgjebil

Dei har valt litt ulike måtar å løyse det på litt praktisk. Nokon gonger har dei hatt følgjebil, andre gonger har dei starta ei stund før, og hoppa på spelarbussen når denne har nådd dei att på ein avtalt stad.

Karane har allereie små planar om neste tur. Den vil truleg gå over Vikafjellet, når Sogndal skal møte Viking i Stavanger. Akkurat dét ser ikkje Håvard Flo fram til.

– Eg debuterte over Vikafjellet i fjor, det regna i bøtter og spann og sikta var lik null. Ikkje særleg kjekk tur. Men vi får sjå om det går betre i år, seier Flo.

Er utruleg imponert over spelarane

Han er storleg imponert over Sogndal sin innsats på Aker stadion mot Molde i går, og innrømmer at det var nervepirrande å sitje på tribunen.

– Det var så intenst at eg har nesten ikkje vore borti maken. Eg tek av meg hatten for både trenarteamet og spelarane. Dei er fantastiske og har utruleg mykje i seg. Dette lovar bra, seier Flo.

Onsdag møter Sogndal Tornado/Måløy borte i første runde av cupen. Så ventar Sarpsborg 08 heime i helga. Flo håpar og trur at helgas opptur er noko som vil gi laget ein ekstra piff mot desse.

– Tre poeng i Molde gav ei vitamininnsprøyting utan sidestykke, og det var veldig OK å få den så tidleg i sesongen. Eg håpar den kampen og kjensla kan inspirere spelarane mot Sarpsborg 08, seier Flo.