Hopp til innhold

Suksesstrenaren måtte kalle inn til dugnad for å komme seg heim att

Spelarane gav trenar Knut Erik Folland ei noko spesiell takk for opprykket til 2. divisjon laurdag ...

Etter at opprykksfesten var over, tok spelarane i Førde fotball resten av feiringa i eigne hender. «Offeret» vart bilen til suksesstrenar Knut Erik Folland.

SJÅ VIDEO: Trenar Knut Erik Folland tromma saman til dugnad for å rydde opp i sprellet til spelarane sine. (Foto: Oddleif Løset/Redigering: Torje Bjellaas)

Etter at seriemeisterskapen og opprykket i 3. divisjon avdeling 8 var feira laurdag kveld, tok spelarane i Førde Fotball bokstaveleg talt grep om feiringa.

Bilen til trenaren vart plassert inneklemt mellom trappa og eit gjerde ved klubbhuset, skriv Firda. Då Knut Erik Folland kom på jobb måndag, var han budd på tunge tak.

– Eg kunne ikkje gjort det noko betre sjølv. Eg har veldig lite kunnskap om bil generelt, og i alle fall ikkje på løfting av bil. Det har eg ikkje hatt erfaring med, men eg må truleg ha hjelp, humra trenaren til NRK.no.

Fiaskopris i 2008

Kaptein Øystein Vetti fortel at ideen dukka opp då spelargruppa kom attende frå feiringa på Sunnfjord hotell.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bilen til Førde-trenar Knut Erik Folland

SKVISA: Bilen vart plassert heilt i veggen, med trapp framfor og gjerde bak.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Ole Henrik Gulliksen, som i 2008 gav heile laget årets fiaskopris då opprykket glapp etter totalkollaps i kvalifiseringskampen mot Åskollen, var mannen bak ideen. Også bilen til administrativ leiar i Førde Fotball, Jo Inge Gåsvær, vart vurdert.

– Men den var litt nyare og finare. Knut Erik har rakka slik ned på den gamle postbilen sin og har tidlegare fortalt at han har vore med på tilsvarande som ung, ler Vetti.

Ville velte bilen

Vetti fortel at aksjonen tok 10–15 minuttar, og at dei til ei kvar tid var 10–12 spelarar kring den 11 år gamle Renault Kangoo Express.

Bilen til Knut Erik Folland

LITE Å GÅ PÅ: Bilen til Knut Erik Folland står heilt inn i trappa.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Den 1080 kilo tunge bilen vart flytta fem-seks meter, og skvisa inn mellom trappa og gjerdet ved klubbhuset. Tidlegare Frankrike-proff Alexander Ødegaard føreslo å velte bilen, noko spelargruppa stemte ned.

– Heile spelargruppa stilte seg bak dette. Vi byrja med fronten først, fekk den på plass, og så fekk vi vridd inn bakenden. Vi hadde ein del andre idear, men eg er glad vi ikkje gjennomførde dei. Nokre vil vi spare til seinare høve, gliser kapteinen.

Invitert til dugnad

– De fryktar ikkje straff frå trenaren?

– Hehe ... No var vi heile stallen samla bak dette, så blir det noko kollektiv straff, så skal vi ta den, humrar Vetti.

Trenar Folland tek det heile med eit smil, og har ingen planer om verken benketilvære eller straffetrening for nokon av disiplane sine.

– På ingen måte. På ingen måte. Det er ein gammal bil og er snart ferdig likevel, flirer han.

Thor Jørgen Spurkeland viser korleis bilen vart flytta.

VISER: Thor Jørgen Spurkeland viser korleis bilen vart flytta.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Eg skjønar ikkje korleis dei har fått det til eg. Veldig bra, held han fram.

Måndag morgon fekk spelarane invitasjon til dugnadsarbeid ved klubbhuset. Kva som låg i tekstmeldinga var ikkje vanskeleg å skjøne.

Møtte ikkje til «dugnad»

Oppmøtet frå spelarstallen var likevel langt dårlegare enn laurdagskvelden. Berre Thor-Jørgen Spurkeland, samt «ideens far», Ole Henrik Gulliksen.

– Eg fekk svar frå eit par som skulle komme, og mykje latter, ler Folland.

Spelarutviklar Torbjørn Glomnes føreslo å spinne bilen ut. Med den tidlegare Sogndal-trenaren bak rattet, og nokre løft på bakenden, vart likevel det løysinga for å få bilen fri frå plasseringa.

Lystig etter at bilen til Folland er flytta.

LYSTIG: Det var lystig stemning og mimring om tilsvarande hendingar etter at bilen var flytta. Frå venstre Thor Jørgen Spurkeland, Jo Inge Gåsvær, Ole Henrik Gulliksen og Knut Erik Folland.

Foto: Oddleif Løset / NRK