Hopp til innhold

Her kan du følgje Sp-landsmøtet

Landsmøtet til Senterpartiet er i full gang på Hotel Alexandra i Loen. Her kan du følgje det som kan bli eitt av dei mest konfliktfylte landsmøta til Senterpartiet noko sinne.

Landsmøte for Senterpartiet

TALAR: Liv Signe Navarsete heldt opningstalen på landsmøtet for Senterpartiet i Loen fredag.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Opptakten til landsmøtet i Loen har vore prega av mange og store medieoppslag, kanskje mest av alt om ting som ikkje har så mykje med politikk å gjere.

Mange spekulerer i at fredag kan bli starten på det mest konfliktfylte Senterparti-landsmøtet på lang, lang tid.

Trass i fleire forsøk på å dempe konflikta, har det lenge vore godt synleg at fleire av partitoppane har vore i tottane på kvarandre.

Fleire store konflikter

Dei personlege motsetnadene mellom partileiar Liv Signe Navarsete og minister Ola Borten Moe har vore tydelege i fleire saker.

I går gjekk Kjerti Toppe ut og sa at Moes eigenrådige stil har gjort det vanskeleg for Navarsete å leie partiet, noko ho får støtte frå fleire partifeller på.

Det har også vore opne konflikter mellom leiar for Senterungdommen, Sandra Borch og Navarsete. Borch sende i oktober eit skrapt brev til toppleiinga i partiet der ho kritiserte Navarsete for å ha eit hissig temperament.

Navarsete skal ha skjelt ut Borch på eit seminar. Rabalderet let ikkje vente på seg. Navarsete gjekk først ut og sa ho ville beklage, men prøvde først å vekkforklare opptrinnet. Sidan vart det både offentleg beklaging og lovnad om at ho ville oppsøkje profesjonell hjelp med temperamentet sitt.

Truselaus og pro-partikameratar

Siste skot på uro-stammen er VG-kommentator Elisabeth Skarsbø Moen sin uautoriserte biografi om Ola Borten Moe der ho mellom anna fortel om eit nachspiel der Moe i ei heller improvisert badstu skal dukka opp truselaus.

Som olje- og energimeinister hausta Borten Moe storm då han presenterte traseen for den nye kraftlinja mellom Ørskog og Fardal. Trass i tilrådinga frå NVE var traseen flytta frå Førdedalen til Myklebustdalen i bygda Ålfoten i Bremanger.

Moe vart skulda for å ha flytta linja til fordel for parti-kameratars eigedom, noko Moe avviste på det sterkaste.

Kasta kleda i kalendar

I kategorien for lettkledde Sp-politikarar har også ungdomsleiar Sandra Borch vore frampå. Ho kasta mellom anna kleda i ein kalender, noko som fekk mange til å reagere mellom anna med skuldingar om at Borch sende eit feil signal som ein rollemodell.

Sjølv meinte Borch at bileta var politikk, og at ho sjølv ønskte å ta eit oppgjer med diverse mobbing ho har opplevd som kortvokst.