Hopp til innhold

Fråteken førarkort etter dødsulukke

– Vi meiner å vite kva som har skjedd, men kan ikkje seie noko før alle partar er avhøyrde, seier politiførstebetjent Roger Gundersen ved Vågsøy lensmannskontor om dødsulukka skjærtorsdag.

Trafikkulukke på riksveg 15 ved Bryggja.

OMKOM: Ei kvinne omkom i trafikkulukka ved Bryggja skjærtorsdag.

Foto: Bjarne Eldevik

Ei kvinne omkom i ulukka der to bilar frontkolliderte kring ein kilometer vest for Bryggja på riksveg 15 i Vågsøy.

Ein mann i 40-åra vart operert for alvorlege skader ved Førde sentralsjukehus, medan passasjeren i den avlidne sin bil kom frå ulukka utan fysiske skader.

– Undersøkingane viser at i alle fall ein av bilane har hatt høg fart, og heilt eller delvis har kome over i feil køyrefelt, seier politiførstebetjent Roger Gundersen.

Fråteken førarkort

Laurdag kveld vart det gjort forsøk på å avhøyre den mannlege bilføraren på sjukehuset i Førde. Forsøket vart avslutta etter kort tid grunna helsemessige årsaker. Det er uvisst når avhøyra blir tekne opp att.

(Artikkelen held fram under biletet)

Roger Gundersen og Ørjan Paulsen frå Vågsøy lensmannskontor

FART: Politibetjent Roger Gundersen (t.v.), her i samtale med politikollega Ørjan Paulsen, meiner å vite forløpet til dødsulukka skjærtorsdag.

Foto: Øystein Torheim

Juristen i saka har vedteke at mannen inntil vidare skal fråtakast førarkortet.

– I så alvorlege trafikkulukker så blir ein gjerne fråteken førarkortet til saka er ferdig etterforska, eller til juristen finn at det ikkje lenger er naudsynt, seier Gundersen.

Etterlyste buss

Den avlidne blir rutinemessig sendt til obduksjon i Bergen andre påskedag. Namnet er førebels ikkje frigjeve.

Politiet ynskte i etterkant av ulukka å komme i kontakt med ein buss . Politiførstebetjent Gundersen seier dei har fått inn to tips utan å ha gjort noko meir med dette per no.

– Passasjeren i bilen til avlidne har opplyst at dei vart forbikøyrt av ein buss i forkant av ulukka. Vi ynskjer å vite om vedkommande i bussen kan ha informasjon om køyreåtferda til nokon av bilane, seier Gundersen.

Stengd i over fem timar

Ulukka skjedde like før klokka 10 torsdag morgon. Vegen var stengd i over fem timar etter ulukka.

Den eine bilen hamna på taket vel 100 meter frå punktet der samanstøyten skjedde.

– Vi har sikra oss mykje informasjon på staden, både gjennom eiga etterforsking og ulukkesgruppa til Statens vegvesen, seier Gundersen og trur at dei om kort tid vil ha klarlagt kva som eigentleg skjedde.

Fullføre avhøyr

Politiet har att å gjennomføre avhøyr av den skadde bilføraren, fullføre skisseteikningar og fotomapper, samt hente ut trafikkdata mellom anna frå mobiltelefonar.

Vidare skal bilane undersøkjast og ulukkesgruppa fullføre sin rapport.

– Eg føler vi har kome ganske langt på kort tid, seier Gundersen.