Hopp til innhold

Forskar slår alarm - vil ha 10 milliardar til landbruket

Talet på storfe og sau kan gå kraftig ned dei neste åra. Det fryktar landbruksforskar Christian Smedshaug.

Kyr på beite

SPÅR STOR NEDGANG: Landbruksforskar Christian Smedshaug spår talet på storfe vil bli halvert og talet på sauer redusert med 40 prosent.

Foto: Colourbox

Han spår at i tidsrommet 2000 til 2020, vil talet på storfe på Vestlandet bli halvert og talet på sauer vere redusert med 40 prosent.

Smedshaug viser mellom anna til at prosentandelen av statlege midlar som går til landbruket har vorte kraftig redusert dei siste åra. Utviklinga er ikkje god, seier han.

– For vestlandsjordbruket er dette relativt dramatisk om vi ikkje klarer snu desse trendane. Vi er halvvegs i nedgangen og per dags dato er det ikkje noko som tyder på at dette endrar seg vesentleg, seier han.

Lite lysteleg lesnad

For dei som er interesserte i eit sterkt og robust landbruk på Vestlandet, er Christian Smedshaug i Agri Analyse sin rapport «For rike for Vestlandsjordbruket» lite lysteleg lesnad. Smedshaug fokuserer på utviklinga dei siste 10 åra, som viser klar nedgang i produksjon, landbruksareal og dyretal.

Vidare legg han fram prognosar som viser at den sterkt negative utviklinga vil halde fram dersom det ikkje blir overført mange ekstra milliardar til landbruket.

– Vi går frå rundt 120 000 storfe i 2000, og vi er no nede i 90 000 storfe i dag. Held dette fram, blir det 60 000 i 2020.

Meiner landbruket treng 10 milliardar ekstra

I tillegg til vanlege årleg løyvingar over statsbudsjettet, bør det setjast av midlar gjennom ei eiga investeringspakke til landbruket, seier Smedshaug.

– Eg trur at 10 milliardar over fem år vil gi ein reell skilnad om vi ønskjer å ta vare på denne næringa framover.

– Feil medisin

Frank Willy Djuvik

SKEPTISK: Frank Willy Djuvik meiner meir pengar er feil medisin.

Foto: FrP

Fylkesleiar i Framstegspartiet, Frank Willy Djuvik, har på si side ingen sans for ei eiga investeringspakke til landbruket.

– Dette meiner eg er heilt feil medisin. Vi kan ikkje halde fram med å pøse inn fleire og fleire milliardar i ei landbruksnæring der vi treng ny politikk.

Fylkesleiar i Bondelaget, Per Hilleren, er derimot samd i forskaren sine analysar og krev politisk handling.

– Her må det politisk vilje til for å gje næringa eit løft. Vi må få på plass optimisme og trua på at det er verdt å produsere mat.