Hopp til innhold

Bønder må ta vogntogførarkort

Gamaldagse trafikkreglar for traktorar frustrerer bøndene. Yngre bønder må ha vogntogsertifikat for å køyre traktorane sine.

Knut Tore Nes Hjelle med traktor

STOR DONING: Knut Tore Nes Hjelle har ein John Deere-traktor med 125 hestekrefter.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Reglane har knapt vore oppdaterte sidan traktoren kom til Norge. Men traktoren har forandra seg. Det gjer at unge bønder må ha rådyrt vogntogsertifikat for å køyre nye og raske maskinar.

Ein stor John Deere-traktor med 125 hestekrefter prydar tunet til bondelagsleiaren i Eid, Knut Tore Nes Hjelle.

Vogntogførarkort til 100.000

Denne traktoren går i 50 kilometer i timen. Skal ein ung bonde som tok sertifikatet etter 2005 køyre ein slik må han ha førarkort for vogntog. Dagens traktorsertifikat gjeld berre opp til 40 kilometer i timen, om ikkje må ein ha klasse CE. Det blir litt voldsomt, synest Nes Hjelle.

– Inntektene i landbruket er dessverre ikkje slik at vi kan betale 100.000 kroner for eit vogntogsertifikat for å køyre traktor. Det fører iallfall ikkje til meir rekruttering til yrket.

Bondelaget, Traktor og landbruksmaskinimportørenes forening saman med bladet Bedre gardsdrift krev no at reglane vert moderniserte. Mellom anna vil dei ha bort regelen om vogntogsertifikat for traktorar som går over 40 kilometer i timen.

Gråtass-opptog

UTDATERT: Gråtassen har hamna på museum, men ikkje reglane for traktorkøyring.

Foto: Trine Aaen / NRK

Reglar frå gråtassen si tid

Bonde og journalist i landbruksbladet Bedre Gardsdrift, Jogeir Agjeld, kan meir om traktorar enn dei fleste. Han seier regelverket er utdatert.

– Det er veldig mykje rart. Det er ein del som heng att frå den tida då ein traktor var ein liten Massey Ferguson med 60 hestekrefter og som gjekk i 30 kilometer i timen og drog på ein liten tilhengar.

– Landbruket har endra seg dramatisk sidan den gongen. I tillegg ser vi at dagens traktorar har vakse opp til ein storleik som gjer at dei kjem inn under regelverk som aldri har vore meint for traktorar.

Må ha med tre kjettingar

For det finst mange særreglar som mange bønder ikkje ein gong veit eksisterer. Mellom anna er det krav om at ein traktor skal ha med seg minst tre kjettingar om vinteren slik vogntoga må. Det er nytt for Knut Tore Nes Hjelle.

– At vi skal ha med oss tre kjettingar til ei kvar tid på vinteren verkar urimeleg og lite gjennomtenkt. Her må vi få på plass noko sunt bondevet hjå dei som sit og lagar reglane. Kjettingane skal vere på hjula om det er behov for kjettingar.

Knut Tore Nes Hjelle

- FIN ARBEIDSPLASS: Knut Tore Nes Hjelle trivst i traktoren sin.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Fin arbeidsplass

Inne i førarhuset til Nes Hjelle sin traktor er det lett å skjøne at utviklinga har gått sin gang sidan gråtassen kom til Norge. Lyden av motoren er knapt sterkare enn i ein lastebil, fjøringar og automatiske girsystem gjer køyringa med den 4,5 tonn tunge traktoren behageleg og lettvint.

– Det er ein fin arbeidsplass. Det blir fort ein 7-800 timar inni her. Traktorane har blitt større og meir effektive, akkurat som landbruket.

Bøndene meiner også at traktorar framover må få lov å køyre med to tilhengarar etter kvarandre på vegane. Dei vil også ha bort krav om at traktorar ikkje kan ferdast på ei rekkje vegar kring byane.

Geir Pollestad

VURDERER ENDRINGAR: Statssekretær Geir Pollestad.

Foto: Stortinget

Vil vurdere endringar

Regjeringa vedgår at dagens regelverk er utdatert på ei rekkje område. Statssekretær Geir Pollestad i Samferdselsdepartementet seier dei vil vurdere endringar.

– Det er eit komplisert regelverk. Samstundes endrar maskinane og bruken seg, og det kan vere behov for å sjå på dette med nye auge. Noko er alt gjort, andre ting er det relativt enkelt å gjere noko med, medan enkelte ting vil ta litt meir tid.

Og at det kan kome endringar er bondelagsleiar Knut Tore Nes Hjelle i Eid glad for.

– Sjølvsagt skal vi ha eit regelverk vi og, slik andre som ferdast langs vegen. Men vi må få eit regelverk som er meir tilpassa dagens jordbruksdrift.