Hopp til innhold

Var utan vatn i to månader - fann ut at dei måtte starte eige vassverk

Familien Ødven mista vatnet i januar. No har dei like så godt installert eit eige vassverk på vaskerommet.

May Wenche og Mads Ødven

INGEN SURE MINER: Familien Ødven, her representert ved May Wenche, hunden Aiko og sonen Mads, taklar vassløysa med eit smil.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

– Vi tenkjer vi er heldige om det tinar i løpet av april, seier May Wenche Ødven.

Tanken om å vere vasslaus i fire månader er skremmande for dei fleste, men for familien Ødven utanfor Bygstad er dette ein realitet. Etter ein lengre kuldeperiode mista dei vatnet 24. januar – og det har ikkje kome attende sidan.

Det nybygde huset deira har vasstilgang gjennom ei 150 meter lang stikkleidning frå det kommunale vassverket, men den botnfrosne leidningen er gammal og vanskeleg å finne.

– Vi fekk tina 55 meter bortover bakken, men etter det veit vi ikkje kor røyret går. Det vart for håplaust å skulle tine på noko vi ikkje ein gong veit kor er, fortel Ødven.

(Artikkelen held fram etter videoen)

Dei har levt utan innlagt vatn i to månader. No har dei bygda sitt eige vassverk

VIDEO: May Wenche Ødven og familien hennar ordna seg med eige vassverk etter at vatnet deira fraus. Foto/redigering ved Sindre Sunde Tveit.

Ei omstilling

Frå å vere vane med å ha vatn i alle kranar til ei kvar tid, vart det noko heilt anna å takle livet som vasslaus.

– Eg var heldig, for sidan eg er dame fekk eg lov til å gå på do og tømte bøtte med vatn oppi. Mennene måtte framleis gå ut, iallfall når dei skulle late vatnet, ler ho.

Gutane hennar dusjar på skulen og hjå kompisar. Sjølv dusjar ho mellom anna på trening. Elles har ho og mannen innført strenge restriksjonar på kor mykje vatn som kan nyttast.

– Vi nyttar til dømes papptallerknar og må tenkje litt på vassbruken til ei kvar tid, seier ho, og legg til at det har i grunnen gått bra.

Eige vassverk

Etter ei dryg veke utan vatn, kom dei fram til at det ville bli vel utfordrande å ikkje ha tilgang til vatn i heimen på sikt.

– Vi har mange husdyr, så for deira del innsåg vi at vi måtte gjere noko med situasjonen, seier May Wenche Ødven.

Ødven fekk dermed ordna til eit heimelaga vassverk på vaskerommet. Dei henta ein stor tank med plass til 200 liter og fekk denne kopla til røyranlegget sitt saman med ei pumpe som dei har kjøpt på Biltema.

– Vi fekk hjelp av ein røyrleggjar for å setje dette saman og er godt nøgde med løysinga. Så sant vi fyllar på jamleg så får vi automatisk vatn ut i alle kranar i huset, fortel ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

May Wenche Ødven

JAMLEG PÅFYLL: May Wenche Ødven må ofte ut på vaskerommet for å fylle på med meir vatn.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Gode naboar

Sjølv med eit velfungerande vassverk installert, er det framleis mykje jobb med å hente inn vatn til tanken deira.

– Det er det vi merkar mest, er at vi må heile tida tenkje på at vi må ta med syrekanner og fylle dei opp med vatn ein anna stad, anten det er på jobb eller hjå naboar. Det gjer vi stort sett kvar dag, fortel Ødven.

Framleis er dei avhengige av hjelp frå venner og naboar for å få det heile til å gå rundt, seier ho.

– Vi dusjar og vaskar klede hjå naboane jamleg. Dei har vore fantastiske til å stille opp!