Hopp til innhold

Vasskrise i Markane

Sjølv om det har regna i delar av fylket siste dagane, slit andre med vassmangel som kan vare ei stund.

Rasmus Flore i Markane

Den gamle mjølketanken til Rasmus Flore blir brukt til vasskjelde no når vatnet i røyra på garden har frose til is.

Foto: Harald Kolseth / NRK

For berrfrosten har ført til vasskrise mange stader i Sogn og Fjordane. Vassleidningane er mange stader tetta av is, og det kan gå månader før det tinar.

– Ein tredje naturkatastrofe

Markane i grenseområdet mellom Stryn og Hornindal er ein av stadene som er hardast råka. Gardbrukar Rasmus Flore er fortvila over situasjonen.

– Det er ei plage med alt mogeleg når ein er vasslaus. Vi må hente vatn i ei tjørn. Eg ser på det som ein tredje naturkatastrofe, for vi har hatt flaum og storm, og no er det snart to meter tele og vassløyse.

Rasmus Flore står på badet i kjellaren på bustadhuset sitt, der er det arbeid i gang for å skaffe vatn.

– Vi må legge opp nokre slangar, og så håpar vi det blir mildvêr, slik at vi kan legge slangane opp i ei elv som renn forbi oppi her. Det var forresten den vi hadde problem med då det var flaum, då vart det altfor mykje vatn.

Tinar ikkje før i mai-juni

No er det stikk motsett, og Flore reknar ikkje med at vassleidningane til garden kjem til å tine opp før i mai eller juni. I mellomtida hentar han vatn i ei tjørn og tappar det opp på ein tank som tek 1000 liter.

– Den har eg ståande på ein bakke rett over huset, slik at vi får eit naturleg fall. Men kjem det ikkje meir vatn i elva må vi få det til på ein annan måte, kanskje med ei pumpe, slik at vi får skikkeleg trykk til oppvaskmaskin, vaskemaskin og dusj. Vi får ikkje dusje skikkeleg ein gong.

– Kva med fjøsen, du driv stort med kjøtproduksjon?

– Det er litt problem med det, men vi driv heldigvis ikkje med mjølkeproduksjon, det er no grenser for kor mykje stutane drikk. Det blir litt mindre enn kyr som produserer mjølk.

Rasmus Flore har aldri opplevd slike problem før.

– No er eg snart pensjonist, og eg har aldri opplevd at vi har vore vasslause her på garden. Sjølv om vi hadde det meir primitivt før med trerøyr så var vi aldri utan vatn, men det var meir snø før.

Per Johan bøe på Maurset i Hornindal

Mjølkebonde Per Johan Bøe i Markane må bruke gamaldagse mjølkespann til vassforsyninga når springvatnet har frose.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Betalar 2500 kroner pr lass

Per Johan Bøe på Maurset i Hornindal er redd for at heile drifta på mjølkegarden hans går i stå.

– Vi må ha ei mellombels ordning, elles har vi ikkje sjanse, då kan vi berre sende dyra på slaktehuset.

Bøe driv med mjølkeproduksjon på Maurset. Han er ikkje særleg nøgd med stoda.

– Dyra har det fint, men vi er jo vasslause. Stryn kommune fyller på 15 kubikkmeter kvar dag, men det er lekkasjar i systemet, så vi får ikkje gjere oss nytte av alt vatnet vi kjøper av kommunen.

No lurer han på om han skal bore etter vatn, for dette kan bli langvarig.

– Vi ser ikkje lyst på det akkurat. Først vart vi vasslause på vesle julafta. Då brukte vi snøproduksjonsanlegget på Ullsheim og pumpa opp i kummen vår til sjettedag. Då hadde vi vatn til onsdag i førre veke, då gjekk det tomt.

Og det blir dyrt for han å kjøpe vatn frå kommunen. Det kostar 2500 kroner for kvart lass. No håpar han at boring etter vatn kan gje resultat.