Hopp til innhold

Her tatovererer ho seg for Veka

Interessa let ikkje vente på seg då Veka 2013 etterlyste dristige studentar som ville la seg tatovere – gratis.

Fleire ynskte "Veka"-logoen gratist tatovert på kroppen. Ida Sekkingstad var den som viste seg mest dristig når tatoveringa skulle plaserast.

SJÅ VIDEO: Ida Sekkingstad lét seg tatovere for Veka. Men vart ho nøgd? (Foto: Christian Blom)

Nær 20 studentar var med i konkurransen om å få Veka-logoen gratis tatovert på kroppen.

Tysdag kveld la Ida Sekkingstad (22) frå Bergen seg på benken og fekk eit evig og kroppsleg bevis på at ho har vore student i Sogndal.

– Det hadde jo vore steike tidig å ta den, seier ho om tankane som slo ho då konkurransen vart lansert.

(Artikkelen held fram under biletet)

Mads Hopen Bjørsvik og Ida Sekkingstad

KLARE: Mads Hopen Bjørsvik (t.v.) seier Ida Sekkingstad tilbydde den mest dristige og synlege staden for tatoveringa.

Foto: Christian Blom

Venta på skibomsar

For på Facebook meldte ein 10–12 personar seg i all offentlegheit i kampen om tatoveringa. I tillegg fekk PR-sjef, eller marknadsansvarleg som han heller vil kalle seg, Mads Hopen Bjørsvik e-post frå ein fem-seks til.

– Det var ikkje alle som våga å gå offentleg ut med det, gliser han og vedgår at responsen var overveldande.

– Vi trudde flest skibomsar som skulle tøffe seg for kompisane ville melde seg, ler han.

Vil ikkje angre

Det einaste konkurransedeltakarane trengde å gjere, var å tilby den mest dristigaste og kulaste, men samstundes mest synlege, staden på kroppen for tatoveringa.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fred Ivar Falck Husum tatoverer Ida Sekkingstad.

VONDT: Ida Sekkingstad vedgjekk at det tidvis var vondt å bli tatovert. Då var det godt å ha ei veninne med til tatovør Fred Ivar Falck Husum.

Foto: Christian Blom

Sekkingstad stilte eit lite område over hofta til disposisjon for ei Veka-tatovering. Dermed var det ho som fekk ta turen til tatovør Fred Ivar Falck Husum hos Midgardsormen.

– Eg trur ikkje eg vil angre. Ikkje med det same, gliste ho før ho la seg på benken.

Konkurrerer seg inn i Veka

Ida Sekkingstad

FOREVIGA: Tatoveringa måtte sjølvsagt forevigast.

Foto: Christian Blom

Svaret på om Sekkingstad vart nøgd med resultatet, ser du i videoklippet øvst i artikkelen.

For Hopen Bjørsvik og resten i arrangørstaben bak studentveka, var dei dermed i hamn med nok ein konkurranse før det heile brakar laust torsdag.

– No har vi berre ein konkurranse att som skal avsluttast torsdag, Den utvalde. Der legg vi ut leietrådar på Facebook om kvar ein person er, og så skal studentane finne fram til denne personen. Responsen er enorm og folk går jo heilt bananas her, gliser PR-sjefen.

– Tidenes veke

Veka er eit årvisst arrangement som blir planlagt og gjennomført av studentar frå Høgskulen i Sogn og Fjordane. Arrangementet famnar om heile bygda og lokkar både større og mindre artistar til saftbygda.

Torsdag startar det heile med DDE, og deretter går det slag i slag med mellom andre Casiokids og John Olav Nilsen & Gjengen før det heile blir avslutta med XZIBIT laurdag 23. februar.

– Eg trur nok at dei fleste gler seg no. Vi har seks av ti arrangement utselde, og det har vi aldri opplevd før. Dette blir tidenes veke, avsluttar Hopen Bjørsvik.