Hopp til innhold

Toppartistar i kø for Veka i Sogndal

Hellbillies, DDE, Admiral P og diverse andre norske og utanlandske artistar kjem til studentveka i Sogndal i februar.

Veka 2013

Hellbillies, DDE, Admiral P og Thea Hjelmeland er blant artistane som kjem til Veka 2013 i Sogndal.

Foto: arkiv / NRK / Scanpix

I kveld vart VEKA 2013-programmet slept på Meieriet i Sogndal og jubelen stod i taket då det eine toppnamnet etter det andre vart offentleggjort.

Fleire vil kome til, men lista over artistar som kjem til den tradisjonsrike vinterfestivalen i Sogndal ser førebels slik ut:

DDE (NO), Hellbillies (NO), Casiokids (NO), Dex Carrington frå web-TV-suksessen Dexpedition (US), Ingrid Olav (NO) med Thea Hjelmeland (NO) som oppvarmar, Admiral P og Kaveh (NO).

I tillegg til konsertar og show vil det tradisjonen tru vere ei rekkje andre arrangement knytta til Veka både på dagtid og kveldstid.

Veka går av stabelen frå 14. til 23. februar 2013. Veka-sjef Marte Bjørnstad er framleis i gang med presentasjonen av programmet for eit fullsett Meieriet, så ho har førebels ikkje vore tilgjengeleg for kommentar.

I dag vart deg og kjend at Karpe Diem kjem til Utkant-festivalen på Skjerjehamn til sommaren, og at Malakoff har slept fem av sine første artistar for neste år.