Hopp til innhold

Mange vil på Veka, men få unge vil sjå Admiral P på scena

Billettsalet til Studentveka i Sogndal går så det susar og mykje er alt utseld. Men konserten for dei under 18 med Admiral P heng i ein tunn tråd.

Admiral P - Døgnvill 2011 - 2

TRENG MEIR FOLK: Admiral P har teke Norge med storm dei siste par åra. Men ungdomskonserten i Sogndal sel dårleg og kan bli avlyst om ikkje fleire kjøper billett.

Foto: Tor Even Mathisen / NRK

Det var ungdomane sjølve som tok initiativ til å få Studentveka i Sogndal til å lage til ein konsert med ein kjend artist for barn og ungdom.

Torsdag 21. februar skal den norsk-zambiske artisten Admiral P entre scena på Meieriet to gonger, både for dei under 18 og dei over. Men interessa frå dei yngste har vore alt anna enn stor.

– Det har ikkje gått heilt den vegen vi ønska. Eg synes det er veldig synd fordi vi ønskjer å nå eit breitt publikum. Når vi først sler litt på stortromma for dei under 18 år, så synes eg det er synd at ungdomane ikkje viser interesse for det, seier Veka-sjef i Sogndal, Marte Bjørnstad.

Marte Bjørnstad Andressen

SEL MYKJE: Veka-sjef Marte Bjørnstad.

Foto: pressebilde / Studenveka

Kan måtte avlyse

– Er det fare for at heile barne- og ungdomskonserten må avlysast?

– Det er absolutt realiteten. Så langt har etterspurnaden vore svært dårleg dessverre . Det er jo enkelt og greitt slik at vi kan ikkje gjennomføre det om det er berre nokre som har kjøpt billett. Eg synes det er overraskande og veldig synd. Det er jo mange i den aldersgruppa som kanskje ikkje har så mange tilbod til vanleg, seier Bjørnstad.

Mange er utselde

Men trass i at billettsalet har vore nærast fråverande for den konserten, ser det langt lysare ut for dei andre arrangementa under Studentveka som opnar offisielt komande torsdag.

– Det går kjempeflott. No er seks av ti arrangement utselde og det er jo ein fantastisk god trend. Vi ser jo at billettane til det vi kan kalle dei folkelege arrangementa som DDE og Hellbillies forsvann fort, seier Bjørnstad.

D.D.E.

UTSELD: Trønderlegendane DDE spelar for utselt Meieret opningsdagen.

Foto: Erlend Lånke Solbu / NRK

– Jamt og stabilt

Ho peikar på at det slett ikkje berre er studentar som vil ha med seg det som skjer under Veka 2013.

– Nytt av året er at standup-kvelden er utseld for første gong i historia på Meieriet. Det er veldig, veldig kult. Det som er bra med programmet vårt i år er at det er jamt og stabilt, det ser eg på som ein styrke.

Torsdag var mellom anna billettane til konsertane med DDE, Hellbillies og den amerikanske rapparen Xzibit utselde.