På landsbasis hamnar dei på 5. plass.
– Årsaka til at Lærdal kjem så høgt på lista, er at kommunen er utsett for både flaum, skred og stormskadar, seier Jan Ketil Rød til BT.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Han er førsteamanuensis ved geografisk institutt på NTNU i Trondheim, og har saman med forskarar undersøkt kor utsett nordmenn er for ekstremvær.
Etter å studert både geografiske og sosiale føresetnader, har dei samla resultata i eit interaktivt kart.
Mange faktorar
Forskarane har gått grundig til verks og delt ulik informasjon i fleire kategoriar.
Informasjonen har dei henta frå mellom anna Norsk Naturskadepool, skreddata frå NGU, vindatlas frå Kjeller Vindteknikk og NVEs flomsonekart.
I kategorien «fysisk sårbarheit» har dei plotta inn data om skred, flaum og storm, medan kategorien «sosial sårbarheit» inneheld 30 ulike variablar om korleis samfunnet er rusta til eventuelle naturkatastrofar.
– Det kan vera faktorar som reiseavstand til næraste sjukehus, fluktvegar ved evakuering og alder på befolkninga, seier Rød og legg til at inntekta til kommunen og innbyggjarane også spelar inn.
– Det handlar om kor raskt ein kjem tilbake til normalsituasjon etter ein naturkatastrofe.
(Artikkelen held fram under biletet)
Håpar å få nytte av undersøkinga
Ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim, seier dette er ei undersøking ein ikkje ønskjer å vera på toppen av.
– Men det er ikkje noko vi går og tenkjer på til dagleg her inne. Vi føler ikkje at vi er spesielt sårbare, vi har det godt og trivast godt her vi bur, seier han til NRK.no.
– Vi såg under at stormen Dagmar at vi fekk mykje sterk vind, og fleire plassar fekk seg ein ordentleg trøkk. Men det at vi ligg nest høgast på sårbarheit for flaum er overraskande, tykkjer Solheim og siktar til at Lærdalselva er kraftig regulert.
– Korleis kan ein bruka slik informasjon som kjem fram i forsking?
– Eg håpar at vi kan få nytte av det. Vi har nettopp oppdatert beredskapsplanane våre. Når vi ser vi har blitt av forska på av NTNU bør vi inn å kikke på om det er noko vi kan justere, avsluttar Solheim.
(Artikkelen held fram under biletet)
BT.no skriv at på Vestlandet er det Fedje kommune i Hordaland som er verst stilt med tanke på storm, medan Aurland er mest sårbar for skred.
Men det er likevel Lærdal som kjem dårlegast ut totalt sett, då forskarane meiner kommunen har nest høgast sårbarheit for flaum i landet og er også utsett for stormskadar.