Hopp til innhold

Vakna av at bakken rista

Fleire tusen kubikkmeter med stein har rasa frå omlag 700 meter oppe i fjellsida, fortel nabo til raset.

Raset har gått ved Hunderi omlag ein kilometer frå sjukehuset.

Rista i bakken

- Raset har losna omlag 700 meter oppe i fjellsida, seier næraste nabo til raset, Rein Arne Golf.

Han vakna av eit brak klokka halv eitt i natt. Like etter kom eit nytt brak, og det rista i bakken.

- Då eg stod opp og såg ut av soveromsvindauget såg eg ein haug med steinar, fortel Golf.

Ville kome seg vekk

Svære steinar rasa i Lærdal i natt

Dette er berre ein av steinane som kom ned frå fjellsida i natt i raset. Ola Geir Hunderi eig morellhagen som er råka av steinraset. han var på synfaring i området i dag tidleg.

Foto: Rein Arne Golf

Raset vekte opp alle naboane i området, og Golf fortel om naboar som sette seg i bilen for å kome seg vekk frå raset.

- Det var voldsamt då det stod på, og det rista skikkeleg i bakken, fortel han.

Ingen personar vart skadd i raset i natt, og heller ingen hus vart råka av steinane.

- Men morellhagen er full av steinar her, seier Golf.

Sjå bileta frå raset i Lærdal