Hopp til innhold

- Det var eit fæla spetakkel og det la seg ganske mykje røyk i fjellsida

Midt i fjøsstellet fekk gardbrukarane Finn og Jan Mo i Lærdal oppleve korleis fjellet kan oppføre seg om våren. Eit steinras kom buldrande i fjellsida like ved.

Ras på Mo i Lærdal

STØVSKY: Det la seg ei stor støvsky over Mo etter at fleire kubikk med stein losna oppe i fjellet.

Foto: Knut Egil Solibakke Mo

Bråket utanfor fekk Jan Mo raskt ut i fjøsdøra.

- Det var eit kraftig spetakkel ute. Det var kraftige drønn, og eg såg halvstore steinar kome nedover ura. Det vart ganske mykje røyk, fortel Jan Mo til NRK.no.

Losna høgt i fjellet

Ras på Mo i Lærdal

LOSNA: Blokka losna vel 6-700 meter oppe i fjellsida. Dei kvite steinane er frå i dag, medan resten er frå tidlegare ras. Dei minste steinane har kome heilt ned på marka nedst i biletet.

Foto: Finn Mo

Raset gjekk kvart på åtte onsdag morgon i fjellsida over Mo i Lærdal. Finn Mo som bur på nabogarden seier raset gjekk i ei renne der det har gått ras før, men at raset onsdag morgon var større enn på lenge.

- Det losna ei blokk på nokre kubikk vel 600-700 meter oppe i fjellet. Dette vart knust nedover fjellsida, men til alt hell stogga det der fjellet flatar ut, fortel Finn Mo.

Steinane har spreidd seg utover eit område som er vel 100 meter breitt oppe i ura. Heldigvis stogga steinane vel 150 meter frå husa til Finn og Jan Mo.

- Men det ligg knyttnevestore steinar heilt ned til morellehagen, og desse må vi nok plukke vekk for hand, seier Finn Mo.

Høyrde kraftige drønn i fjellsida

Ved årsskiftet 2003-2004 gjekk det fleire store ras i same renna, og gardbrukarane seier raset i dag er det største sidan.

- Det var kraftige drønn då det kom ned fjellsida, fortel Jan Mo.

Det har dei siste åra gått fleire steinras i fjellsidene i Lærdal. I mai i 2009 vakna Ola Geir Hunderi av at fleire tusen kubikkmeter med stein rasa ved Hunderi.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ras på Mo i Lærdal

RØYK: Biletet er teke kort tid etter at steinmassane losna høgt oppe i fjellet. Det kvite feltet midt i biletet syner området der steinane losna. Framleis ligg røyken langs fjellsida.

Foto: Knut Egil Solibakke Mo

- Vi held oss nok unna fjellsida i dag

Saman har dei to gardbrukarane eit felles morellefelt like under fjellet. Der var planen eigentleg å gjødsle i dag, men etter at fjellet har vist sine krefter vert arbeidet truleg utsett.

- Det er nok ikkje noko særleg god idé å reise oppunder fjellet i dag. Det har vore ein kald vinter, og då er det alltid ein del stein som vert sprengd laus av frosten, seier Jan Mo til NRK.

Ingen grunn til evakuering

Både Jan og Finn Mo seier dei har lært seg å leve med rasfaren i fjellet. Husa og gardsbygningane er samtidig så langt i frå fjellsida at dei kjenner seg trygge.

- Det er alltid noko stein som dett ned frå fjellet om våren, men vi lever med det og tek omsyn til det, seier dei begge.

Politiet og Lærdal kommune har hatt representantar på staden for å undersøke raset. Dei har ikkje funne det nødvendig å evakuere folk i området.

Ras på Mo i Lærdal

RAS: Steinmassane har knust på vegen ned fjellsida og ligg no spreidd i eit område som er om lag 100 meter breitt.

Foto: Finn Mo