Hopp til innhold

I fjor berga dei over 200 bilar i januar - i år er talet nesten halvert

Ein stabil og kald vinter har ført til monaleg færre stengingstimar på fjellovergangane i Sogn. Det merkar også bilbergarane.

Viking Lærdal

FÆRRE OPPDRAG: På Viking sin stasjon i Lærdal står ein topp moderne tungbilbergar. Ein kald og stabil vinter har ført til færre oppdrag for Viking på fjella så langt i vinter.

Foto: Anna Gytri / NRK

Fjellovergangane i Sogn har vore mindre stengde denne vinteren enn sist. No er rett nok ikkje vinteren over heilt enno, men uansett ligg det an til å bli langt færre timar med stengde vegar enn i sesongen 2011/2012.

Forklaringa er enkel, vêret i vinter har vore langt meir stabilt. Ein som merkar dette godt er Arve Wangensteen som driv Viking Redningsteneste i Vang, Årdal og Lærdal.

Medan januar månad i fjor var svært hektisk, kan den første månaden i år nesten ikkje samanliknast.

– Nei, det er ganske stor skilnad, seier Wangensteen til NRK.no.

Så mykje har dei vore stengde til no

Lange periodar med kaldt og fint vêr har ført til mindre problem på fjellovergangane. Sist vinteren kom snøen tidleg og det var mykje snø mange stader.

Roger Nedberge Hille ved Vegtrafikksentralen har henta ut tal på stengingstimar på Hemsedalsfjellet, Filefjell, Hol-Aurland og Tyin-Årdal og for alle går det fram at fjella har vore mindre stengde denne vinteren enn i fjor.

På fylkesveg 50 Hol-Aurland var vegen sesongen 2011/2012 heilt stengd i 725 timar. Medan det hittil denne vinteren berre har vore stengd i 160 timar.

Fylkesveg 52 over Hemsedalsfjellet var i fjor vinter stengd i totalt 36 timar, så langt denne vinteren har vegen berre for stengd i tre timar.

På fylkesveg 53 Årdal-Tyin var vegen sist vinter stengd i 564 timar totalt, medan den så langt i år har vore stengd i 152 timar.

På E16 over Filefjell var vegen vinteren 2011/2012 stengd i 40 timar, i år er det langt mindre. Nedberge Hille har ikkje eksakte tal for denne vinteren, fordi det har vore ein del stengingar på grunn av vegarbeid.

Sidan det framleis er ei stund til vinteren er over kan ein ikkje seie noko om korleis dette blir til slutt, men så langt har det altså vore lite stengingar.

– Det har ikkje vore så mykje dårleg vêr, og det gir utslag i at det blir mindre stengingar, seier Nedberge Hille til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vogntog Breistølen Borlaug

UTFOR: Denne bilen hamna utfor vegen på Hemsedalsfjelelt i desember. Når Arve Wangensteen i Viking samanliknar januar i år med januar i fjor ser han at han hadde over 100 færre oppdrag i år.

Foto: Øyvind Aune / NRK

Over 100 færre oppdrag enn på same tid i fjor

Arve Wangensteen

ROLEG: På Viking sine stasjonar i Vang, Årdal og Lærdal merkar dei godt at denne vinteren har hatt eit anna vêr enn sist vinter.

Foto: Arvid Torsgard / NRK

Arve Wangensteen i Viking og arbeidskarane hans som bergar bilar på fjella har merka at fjella har vore mindre stengde.

– I vinter har det vore stabilt kaldt, og for det meste bart over fjella, så det har vore ein roleg januar i forhold til åra før, seier han.

I januar i fjor berga Viking i Vang, Årdal og Lærdal langt over 200 tyngre køyrety, i januar i år er talet langt mindre.

– Eg har ikkje eksakte tal, men det er iallfall 100 førre enn i fjor, seier Wangensteen.

Men dei blir på ingen måte ståande arbeidsledige sjølv om dei aller fleste greier å halde seg på vegen.

– Vi har hatt ein del fleire oppdrag med starthjelp og frostne diesel- og luftrøyr.

– Trur du resten av vinteren blir lik?

– Det veit ein jo aldri. Blir det litt snø og litt nullføre, så får vi fort arbeid, seier Wangensteen.