Hopp til innhold

I går hadde han 30 oppdrag - dei fleste var flate batteri

Dagleg leiar i Førde bilberging, Arild Tistel, har hatt fleire titals oppdrag siste døgnet for å redde bilistar som har opplevd flatt batteri grunna kulden.

Arild Tistel festar stropp

TRAVELT: Dagleg leiar i Førde bilberging, Arild Tistel, har hatt noko å hengje fingrane i dei siste dagane.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– No går det jamt med startvanskar på bilar som har frose, batteri som streikar. Det er rimeleg hektisk, seier dagleg leiar i Førde bilberging, Arild Tistel.

Sidan kulden slo til for fullt har han hatt alle mann i jobb for å ta unna trafikken. Telefonen har mest ikkje stått stille, og dei fleste oppdraga kan relaterast til dei mange minusgradene.

– I går bikka vi vel 30 oppdrag før vi runda midnatt. Så byrja det på att på same måte i dag, seier Tistel.

Kulden tek siste rest av straum

På mange måtar kan det verke som om kulden kjem som julekvelden på kjerringa. Kvar gong.

– Det er i hovudsak flate batteri som er hovudproblemet. Batteria er tomme for straum når folk skal starte, seier Tistel.

Det er fleire årsaker til det.

– Batteriet har kanskje ikkje vore fullt i utgangspunktet. Når kulden då kjem, så streikar batteriet, seier Tistel.

Og viss du trur at du har ditt på det tørre dersom du køyrer ny bil, så tek du feil. Bilbergarane har stadig vekk nye bilar på planet sitt. Gjerne tomme for straum.

(Artikkelen held fram under biletet)

Arild Tistel - feste

TRANSPORT: Mange gonger er batteria så utlada at bilbergar Arild Tistel ikkje klarar å få start på bilen. Då må han køyrast til verkstad.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Elektronikken syg straum

– På nye bilar er det mykje høgare forbruk av straum enn på gamle. Dei har mykje meir elektronikk, og når bilane då stort sett berre blir småkøyrde, så vert batteria tappa meir enn kva ein klarar å fylle på for kvar tur ein køyrer, så vert det ein direkte årsak til problema, seier Tistel.

Og matematikken er enkel, brukar du meir enn du fyller på, så vert det minus. Når det så er straum vi snakkar om, som er påkravd for å få start på ein bil, så blir det fort problem.

Dessverre kan det sjå ut til at folk flest ikkje alltid er klar over dette.

– Dei kjenner nok ikkje godt nok til problematikken. Spesielt vedlikehaldslading vert ofte hoppa over. No om vinteren bør ein vedlikehaldslade annakvar månad. Når det ikkje skjer, så er sjansen stor for at batteriet til slutt går tomt. Og då får du ikkje start når du står der ein morgon, seier Tistel.

Brukar meir enn ein får inn

Normalt sett får batteriet lading når bilen køyrer, men det krev at du køyrer ei viss strekning. Dei fleste av oss gjer ikkje det i kvardagen.

I tillegg likar vi komfort, og skrur gjerne setevarmen på fullt, slår på varmetrådane i frontruta og bakruta, samt fyrer på varmeanlegget.

– Når ein startar og stoppar ofte, så tappar det batteriet. Berre tenk på kva du gjer kvar dag, du startar og køyrer til barnehagen, der stoppar og startar du. Så køyrer du på skulen, stoppar og startar, før du parkerer på jobben. På så korte distansar så brukar bilen meir enn han får i lading, seier Tistel.

Går ei grense ved minus 10

Dermed blir det til slutt tomt. Ofte trekkjer bilbatteria sine siste sukk når kuldegradene kryp under ti.

– Når ein kjem under minus ti så merkar vi at det blir mykje meir startvanskar. Motorane er tyngre å dra i gang når det blir så kaldt, og då treng han sårt straumen på batteriet. Viss du i tillegg brukar setevarme og varmetrådar flittig, så fyk batteriet fort, seier Tistel.

Stikkordet for å sleppe å bli ståande og rive seg i håret ein morgon er å vedlikehaldslade. La bilbatteriet få stå på lading over natta annakvar månad.

(Artikkelen held fram under biletet)

Førde bilberging

VANLEG SYN: Redningsbilar langs vegen er eit vanleg syn, spesielt vinterstid.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Den type lading gir ein grundigare lading enn ein lang køyretur, sidan batteriet då får litt og litt energi over lang tid. Det mettar batteriet meir. Men ein langtur er også gode greier, rår Tistel til.

Men kulden stikk også kjeppar i hjula for bileigarane på andre vis.

– Det er ymse problem med frosne bilar. Nokon opplever at drivstoffanlegga frys slik at bilen ikkje vil starte. Elles er det jo nokon som innimellom er uheldige på glatta, seier Tistel.

– Så trass i at snøen uteblir, så har de nok å hengje fingrane i?

– Det kan du trygt seie, seier Tistel.

Klarar ikkje drifte alt

Kommunikasjonsrådgjevar i NAF, Jan Ivar Engebretsen, stadfestar at kulden fører til mange uønskte situasjonar for bilistane.

Men ofte er dei litt skuld i det sjølve.

– Har du ein bil som er tre-fire år, så bør du vedlikehaldslade kvar månad i frå november til og med februar. Batteriet er hjarta i bilen. Fungerer ikkje det, så hjelper ingenting, seier Engebretsen.

Han legg til at du kan gjere mykje sjølv dersom du held batteriet reint.

– Dersom batteriet har litt skitt på toppen, og det kjem salt til, noko som fort skjer sidan det vert salta stort sett over alt, så er salt straumledande. Dermed ladar batteriet seg litt ut sjølv, seier Engebretsen.

Det løyser du lett med å vaske over batteriet med lunka såpevatn.

(Artikkelen held fram under biletet)

Arild Tistel -

TRAVELT: - Vi har mykje å gjere, men det er jo det vi lever av, seier Arild Tistel.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Ikkje gløym dørene

– I tillegg reddar vi mange som ikkje får opp dørane grunna frost. Det løyser du ved å bruke silikonstift, noko ein bør gjere jamnleg i vinterhalvåret, seier Engebretsen.

Og når du først er i dørmodus, så må du ikkje gløyme låsen.

– Og der brukar du låsolje, ikkje låsspray. Sistnemnde fører berre til at det frys til att neste gong det er kaldt. Låsolje smører og hindrar at det frys, seier Engebretsen.

Dessutan bør du også sjekke olje. Har du gammal olje, krev det energi for å få han gjennom motoren.

– Og det går igjen ut over batteriet. Mange øydelegg bilen med berre småkøyring. Få til ein langtur innimellom. Og ikkje slurv med vedlikehaldslading. Har batteriet vore utlada, når du berre 80-85 prosent lading gjennom dynamoen. Du må vedlikehaldslade dersom du skal få fullt batteri att, seier Engebretsen.