Hopp til innhold

Ikkje stang inn for korkje Naustdal eller Hyen

Korkje tiandeklassingane frå Naustdal eller Hyen klarte å hamne på trona i Klassequizen i dag. Likevel var dei stort sett nøgde med innsatsen.

Hyen barne- og ungdomsskule

SÅNN PASSE: F.v. Guro Vonheim Heimsæter, Lindis Agledal Nordal og Jens Inge Bakketun skulle gjerne klart bittelitt betre.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Frå Hyen skule stilte Guro Vonheim Heimsæter, Lindis Agledal Nordal og Jens Inge Bakketun.

– Eg har kjent litt på nervane ganske lenge, men det har roa seg litt no, seier Jens Inge.

– Kva har du gjort for å oppnå det?

– Eg har tenkt på korleis andre har gjort det, og kor bra vi kjem til å gjere det, seier Jens Inge.

– Vi skal gjere vårt beste iallfall, seier Lindis.

– Kva er målet dykkar?

– Å gjere så godt vi kan. Men vi veit jo ikkje spørsmåla, seier Guro.

– Historie er det eg fryktar mest, seier Lindis.

– Eg vil gjerne ha oppgåver om matte. Eg likar det som er logisk, seier Jens Inge.

– Har de mål om ein viss poengsum, eller at de vil slå nokon andre?

– Vi må ha minimum fem, seier elevane før dei skal ut i dyst.

Klarte åtte av 12 poeng

Og det klarte dei godt. Etter tre kategoriar synte poengtavla åtte, noko dei var greitt nøgde med.

– Det var heilt greitt. Vi er ikkje supernøgde, men det var betre enn fem, seier Lindis.

– Men vi skulle ønskt vi kunne ha hevda oss heilt i toppen, seier Guro.

– Kva var det verste spørsmålet?

– Dei siste i kategorien rundt og rundt var verst, seier Guro.

– Eg tykte vi hadde bra innsats, men siste spørsmål burde vi ha kunne, seier Jens Inge.

Sjølv er han mest nøgd med laget sin innsats i kategorien motor.

(Artikkelen held fram under biletet)

Naustdal barne- og ungdomsskule

VILLE SLÅ FØRDE: Naustedølene ville slå Førde ungdomsskule, men måtte nøye seg med å slå Halbrend ungdomsskule. F.v. Ola Frøyen, Sigrid Underlid og Daniel Grimset Kvalvågnes.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Ville slå Førde u-skule

Deltakarane frå Naustdal barne- og ungdomsskule, Ola Frøyen, Daniel Grimset Kvalvågnes, Sigrid Underlid, fortalde før spørjerunden at dei hadde øvd litt på førehand.

– Vi har øvd litt på hovudstadar, fargar på flagg, land i verda, og litt forskjellig, seier Sigrid.

Favorittkategoriane var dei klare på.

– Sport og religion, seier Daniel.

– Kva håpar du at vi ikkje får spørsmål om?

– Noko vi ikkje kan noko om, seier Ola, før kampen tok til.

– Kva er målet i dag?

– Å slå Førde ungdomsskule som tok ti poeng, seier Sigrid.

Men slo berre Halbrend..

Etter tre kategoriar hamna dei til slutt på poeng, noko gjengen frå Naustdal var greitt nøgde med.

– Vi slo no iallfall Halbrend ungdomsskule, seier Ola.

– De sleit litt med kategorien blogg. Kvifor det?

– Vi har ikkje øvd på det, seier Daniel.

– Men kunst kunne de masse om, kvifor?

– Kanskje grunna Vevringutstillinga?

– Det var Sigrid som kunne mykje, seier Daniel.

Framleis er det Flatbygdi skule i Vik som leiar Klassequizen. Førde ungdomsskule ligg på ein delt andreplass med ti poeng. Måndag er det Bulandet skule som skal i elden.


Dette var spørsmåla som elevane frå Naustdal fekk å bryne seg på:

Blogg:

1. Kva heiter den amerikanske kjendisbloggaren med same etternamn som ein kvinneleg hotellarving? (Perez Hilton)
2. Kva for ein norsk bloggar gav i fjor ut boka «Evig søndag»? (Linnea Myhre)
3. Ordet blogg er samansett av to engelske ord, kva for nokre? (web og logg)
4. Ho vart kjend for at ho kritiserte bruk av bunadar, no har ho skrive barnebok om dyr. Kva heiter ho? (Anne Viken)

Kunst:

1. Kven måla biletet Mona Lisa? (Leonardo da Vinci)
2. Kva heiter verkstaden til ein biletkunstnar? (Atelier)
3. Kva heiter det norske biletet som i 2012 vart selt for nesten 700 millionar kroner? (Skrik)
4. Han er frå Sunnfjord, var fødd i 1932, døydde i 2008.- Han var kunstnar og vart mellom anna kjend for eit protestbilete mot Vietnamkrigen i 1965, kva er namnet? (Kjartan Slettemark)

Eple:

1. Kva for ein storby vert kalla The big apple:? (New York)
2. I kva for ei bok i Bibelen kan vi lese om Eva, Adam og eplet? (1. Mosebok)
3. Ranger desse Apple-produkta etter når dei vart lanserte; iPod, iPad og iPhone? (iPod, iPhone og iPad)
4. Denne kommunen har ein kvist med to gule eple på grøn botn i kommunevåpenet sitt. Men det er fleire byråkratar enn fruktdyrkarar i denne kommunen. Kva kommune snakkar vi om? (Leikanger)

Desse spørsmåla fekk Hyen skule:

Motor:

1. Kva for ei svensk bilfabrikk gjekk konkurs for eit års tid sidan? (Saab)
2. Frå kva land kjem motorsykkelmerket Kawasaki? (Japan)
3. I kva land vart den første bensindrivne bilen laga, Tyskland, USA eller England? (Tyskland)
4. Kva heiter den eldste bilforhandlaren i Sogn og Fjordane der firmaet vart etablert i 1954? (Berge og Co.)

Oransje:

1. Kva for eit vitamin er det mest av i ei appelsin? (C-vitamin)
2. Kva for eit land er kjent for skøytebyen Heerenveen? (Nederland)
3. Kva for eit land er appelsina eigentleg frå, Israel, Kina eller Spania? (Kina)
4. Sogn og Fjordane Energi har ein logo med to fargar, den eine er oransje, kva er den andre? (Blå)

Rundt og rundt:

1. Kva blir avstanden frå sentrum til eit punkt på sirkelens periferi kalla? (radius)
2. Kor mange heile dagar brukar jorda på si bane rundt sola? (365)
3. I kva år var Armstrong og Aldrin dei første menneska på månen? (1969)
4. På mange lastebilar og vogntog i Sogn og Fjordane står det no Transferd, men før 2011 stod det noko anna. Kva var firmanamnet då? (Firda Billag)