Hopp til innhold

Dei toppar Klassequizen i fylket - enn så lenge

Dei hadde eitt mål med klassequisen, trekløveret frå Flatbygdi skule i Vik. Og det var å slå Feios skule i den innleiande runden. Det klarte dei med glans.

Flatbygdi skule

GLADE GUTAR: F.v. Joar Tryti, Jonas Holen og Ådne Årevik Vikdal er no dei skarpaste tiandeklassingane i Sogn og Fjordane.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Vi har ikkje vore så veldig nervøse, men litt spente på kor vanskelege spørsmål vi skal få, seier Ådne Årevik Vikdal på førehand.

Og førebuingar har det vore smått med.

– Vi har i grunn ikkje førebudd oss med noko som helst. Vi har hatt litt quizar i klassen, men ikkje så mykje. Men det har gått heilt greitt, seier Jonas Holen.

På førehand var gutane tindrande klare på at målet måtte vere å slå Feios skule.

Slo til i Norway Cup

Og det er ikkje første gong denne gjengen står øvst på pallen. I sommar hadde dei stor suksess i fotballturneringa Norway Cup.

– Vi vann i klassen vår på Norway Cup i 2012, seier Joar Tryti.

På førehand var dei klare på at dei skulle slå Feios skule.

Og det klarte dei til gangs.

– Dette var flott. Det var flott å slå Feios også, seier Ådne.

– Var det det viktigaste?

– Nei, det viktigaste var å gjere det over middels bra, meiner Ådne.

– De er best i heile fylket nett no.

– Det er slik det skal vere, ler gutane.

Hådde små forhåpningar

Men dei innrømmer at dei ikkje hadde forhåpningar om å gjere det så bra.

– Vi hadde som målsetjing å få litt over halvparten, så dette gjekk veldig bra, seier Joar Tryti.

– De har jo siger bak dykk i Norway Cup. Med denne plasseringa her syner de at de både er smarte og sporty?

– Tja. Vi har vel lærarane våre å takke som lærarar oss så mykje forskjellig, seier Jonas Holen.

Nesten heile klassen på laget

På Feios skule stilte nesten heile 10. klasse med Anna Bøtun, Cecilie Skogheim og Henriette Grindedal. Christoffer Feidje, den fjerde og siste 10.-klassingen, var reserve.

Men feiosene miste ikkje pågangsmotet sjølv om klassen er liten.

– Målet er å slå Vik, for dei er fleire enn oss, seier Anna.

– Favorittkategoriane våre er musikk og TV. Vi er ganske gode på det, seier Henriette.

På førehand hadde jentene mål om å ta ti poeng, iallfall.

Men spørsmåla var krevjande, og til slutt måtte jentene innsjå at dei ikkje kom til å klare sitt eige mål. Dei enda til slutt med seks poeng.

– Vi hadde venta at vi skulle klare det betre, seier Anna.

– Kva burde de visst?

– Mellom anna kva grunnstoff diamant var laga av, seier Anna.

– Ja, vi burde klart det betre, men slik vart det no, seier Cecilie.

– Vi burde klart åtte poeng. Og så sakna vi musikk som tema. Då trur eg vi hadde klart det betre, seier Henriette.

(Artikkelen held fram under biletet)

Feios skule

IKKJE HEILT: Jentene frå Feios skule fekk det ikkje heilt til, f.v. Anna Bøtun, Cecilie Skogheim og Henriette Grindedal.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

11 skular står att


Klassequizen tek no juleferie, men når han er tilbake over nytt år, står 11 nye skular for tur.

Men enn så lenge ligg Flatbygdi skule på topp i Sogn og Fjordane, og litt godt an til å bli med som ein av fire i semifinalen.

Deretter følgjer den store fylkesfinalen, og vinnaren der går vidare som Sogn og Fjordane sin representant til den nasjonale Klassequizen med TV-sende finalar.

Dei tre skulane i fylket som har ti poeng er Vassenden skule i Jølster, Kvåle skule i Sogndal og Farnes skule i Årdal.

Førebels er det berre åtte-ni skular som har klart 11 poeng på landsbasis, og berre fire skular har klart toppscoren på 12 poeng.

Dette var spørsmåla Flatbygdi skule fekk:

1. Kva heiter heimebana til fotballaget Lillestrøm? (Åråsen stadion)
2. I kva tiår kom brusen Solo på marknaden? (1930-talet)
3. I kva for verdsdel ligg Gulehavet? (Asia)
4. Han deler ut raude og gule kort i Tippeligaen og er frå Kaupanger. Kva heiter han? (Tommy Skjerven)
5. Kven gav ut låta "Set fire to the rain" i 2011? (Adele)
6. Kor mange kubikkcentimeter er tre liter regn? (3000)
7. Kva blir vitskapen om atmosfæren kalla? (meteorologi)
8. I romjula 2011 var det ekstremvêr i 2011 med sterk vind og mjuke regn. Uvêret hadde eit kvinnenamn, kva var det? (Dagmar)
9. Kva to grunnstoff består koksalt av? (Natrium og Klorid)
10. Kven vart kalla Posh Spice i Spice Girls? (Victoria Beckham)
11. Kva blir det neste ordet i ordtaket "smaken er som ..."? (baken)
12. Tahir Mahmood Qureshi, nordmann med pakistansk avstamming, har nyleg dokumentert at ei spesiell matvare er positiv for helsa vår. Kva ? (Gamalost frå Vik)

Dette var spørsmåla som Feios skule fekk:

1. Kva for ein amerikansk president vart skoten og drepen i 1963? (John F. Kennedy)
2. Kven vart valt til president i Russland i 2012? (Vladimir Putin)
3. Kven er stortingspresident i Norge, Thorbjørn Jagland, Jørgen Kosmo eller Dag Terje Andersen? (Dag Terje Andersen)
4. Yngve Hallén som bur i Sogndal kan kalle seg president. Kva for ein organisasjon er han president i? (Norges Fotballforbund)
5. Kva for eitt av desse landa vart ikkje rekna med i omgrepet «ondskapens akse», Pakistan, Iran eller Nord-Korea? (Pakistan)
6. Kven var Eva Braun kjærasten til? (Adolf Hitler)
7. Kva for eit spel blir forkorta til WOW? (World of Warcraft)
8. Gulbrand Lunde var propagandaminister i Quisling-regjeringa under andre verdskrig. Han vart gravlagd i Sogn, men i kva kommune? (Vik i Sogn)
9. Kva grunnstoff består diamant av? (Karbon)
10. Kor mykje pepar hamna i peparkakedeigen i Hakkebakkeskogen? (1 kilo)
11. Kor mange OL-gull har roaren Olaf Tufte? (To)
12. Han har ti kongepokalar i vektløfting og har delteke i tre OL. Kva heiter denne mannen frå Sogn og Fjordane? (Stian Grimseth)