Hopp til innhold

Vann jamn duell i Gulen

Det vart ein tett quizduell mellom Dalsøyra skule og Byrknes skule i Klassequizen onsdag. Til slutt var det elevane på Dalsøyra som trakk det lengste strået.

Laget til Dalsøyra skule i Klassequizen

VANN JAMN DUELL: Nina Hjartholm, Julie Vabø og Lasse Virkesdal på Dalsøyra skule i Gulen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Klassequizen rullar vidare i fylket, og i dag var turen komen til Gulen kommune. Her skal i alt tre skular få bryne seg på spørsmål om mykje og mangt.

Og dei to første som var i aksjon i dag var Dalsøyra skule og Byrknes skule.

– Vi er litt nervøse fordi det er mange som høyrer på, seier Lasse Virkesdal, Julie Vabø og Nina Hjartholm.

Dei skulle forsvare æra til Dalsøyra skule.

– Heile klassen sit iallefall å høyrer på, smiler Julie.

Lasse fortel at det er sport og hovudrekning som er deira sterke side. Og det viktigaste er å slå skulane på Byrknes og Eivindvik.

- Vi skal bevise at vi er best i Gulen!

Imponerande start

For å klare det måtte dei svare rett på spørsmål frå kategoriane «sju», «kald og varmt» og «Danmark».

Og det byrja riktig så godt. I dei to første kategoriane samla dei seks av åtte moglege poeng, etter å ha svart riktig på mellom anna kva idrett som har sju spelarar på bana.

Alt låg difor til rette for ein høg poengsum, men i siste kategori bomma dei på kva øy byen København ligg på. Her vart det to av fire moglege poeng.

Det betyr at Dalsøyra sanka åtte av tolv poeng:

– Vi gjorde det vi kunne og vi er nokonlunde fornøgde.

– Eg trur nok klassa kjem til å le når vi kjem tilbake til klasserommet, ler Julie.

- Uflaks

Deretter var det Byrknes skule sin tur, og dei tre karane Rune Baarøy, Jørgen Unneland Larsen og Kjell Alexander Melheim var klare til dyst.

– Dei har ikkje sjans til å slå oss.

– Men vi er litt usikre på kva spørsmål vi får. Vi håpar på geografi, men fryktar norsk og litteratur, innrømma dei.

(Artikkelen held fram under biletet)

Laget til Byrknes skule i Klassequizen

TOK SEKS POENG: Laget til Byrknes skule besto av Rune Baarøy, Jørgen Unneland Larsen og Kjell Alexander Melheim.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Dei tre elevane på Byrknes fekk spørsmål om litt av kvart, og i den første kategorien «jord» åpna dei sterkt.

Med tre av fire poeng, der dei mellom anna hadde kontroll på at sau er det husdyret det er flest av i fylket, låg dei likt med Dalsøyra etter fire spørsmål.

Men deretter gjekk det trått. Med to poeng i kategorien «dom» og eitt poeng i siste kategori «ord og tal» samla dei totalt seks poeng.

Fattige to poeng bak rivalane på Dalsøyra skule.

– Vi er godt nøgde egentlig. Det var jo ganske dårlege spørsmål, ler dei tre i kor.

– Det var berre uflaks som gjorde at vi ikkje vann over Dalsøyra, smiler Rune, Jørgen og Kjell Alexander.

Eivindvik skule er den siste i Gulen som skal ut i aksjon. Dei får besøk av Klassequizen 28. januar.

Trio på topp

Enn så lenge er det framleis Kvåle skule i Sogndal, Farnes skule i Årdal og Vassenden skule i Jølster som ligg best an i Sogn og Fjordane.

Dei har alle sanka ti av tolv poeng.

Spørsmåla Dalsøyra skule fekk

Kategori 1, sju

1) Kva er dei sju søstre i Nordland? Rett svar: Fjellkjede

2) Kva er etternamnet på dei to som gav ut «Den sjuande far i huset» og andre norske eventyr? Rett svar: Asbjørnsen og Moe

3) I kva for ein av desse idrettane er det sju spelarar på laget? Ishockey, handball eller volleyball? Rett svar: Håndball

4) På ei øy i Sogn og Fjordane er det oppretta sju verksemder på sju år sidan 2005. Kva heiter øya? Rett svar: Mjømna

Kategori 2, kaldt og varmt

1) Kva for ein varm drikk blir knytt til Lipton og Twinings? Rett svar: Te

2) Kva for eit land i verda har flest aktive vulkanar? Rett svar: Indonesia

3) Ranger desse isbreane frå størst til minst: Hardangerjøkulen, Jostedalsbreen og Vestre Svartisen. Rett svar: Jostedalsbreen, Vestre Svartisen og Hardangerjøkulen.

4) Den lågaste temperaturen som er målt i Sogn og Fjordane er -34,3 grader. Den høgaste er +33,3. Desse målingane er gjort i ein og same kommune, kva kommune er det? Luster, Førde eller Vågsøy? Rett svar: Luster.

Kategori 3, Danmark

1) Kven har skreve eventyret «Den stygge andungen»? Rett svar: H.C Andersen

2) Kva er det norske ordet for kartoffel? Rett svar: Potet

3) På kva øy ligg København? Rett svar: Sjælland

4) Eit dansk flyselskap driv rute mellom Florø og Stavanger. Kva heiter dette selskapet? Rett svar: Danish Air Transport

Spørsmåla Byrknes skule fekk

Kategori 1, jord

1) Kvar kjem opprinneleg poteta frå? Rett svar: Sør-Amerika


2) Kven skreiv romanen «Markens grøde» Rett svar: Knut Hamsun


3) Kva heiter lina som deler jordkloden i ei nordleg og sydleg halvkule? Rett svar: Ekvator

4) Kva slags husdyr er det flest av i Sogn og Fjordane? Rett svar: Sau

Kategori 2, dom

1) I kva kyrkje gifta prinsesse Martha Lousie og Ari Behn seg? Rett svar: Nidarosdomen


2) I kva land ligg FN sin internasjonale domstol i Haag? Rett svar: Nederland


3) Kva jobba Sven Holden som under 22.juli rettsaka? Rett svar: Aktor


4) Ein stad i Sogn og Fjordane vart folk dømde alt på 1100-talet. Dette skjedde på eit ting der folk samla seg ein gang i året. Kva heiter dette tinget? Rett svar: Gulatinget

Kategori 3, ord og tal

1) Kva er eit anna ord for språkforskar? Rett svar: Lingvist

2) Kva for ein amerikanar er kjend for orda «I have a dream»? Rett svar: Martin Luther King

3) I kva land føregår handlinga «Kongens tale» frå 2010? Rett svar: England


4) Kva heiter fylkesordføraren i Sogn og Fjordane? Rett svar: Åshild Kjelsnes