Hopp til innhold

Minus 24 - ikkje noko problem

På Veitastrondi i Luster målte dei minus 24,5 grader måndag morgon. Men det vil dei mykje heller ha enn pluss fem på denne tida av året.

Veitastrondi i minus 24 den 14.1. 2013

KALDT OG FLOTT: Tidleg om morgonen med 24,5 minusgrader på Veitastrondi.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Gardbrukar John Molland var oppe i halv sekstida for å gå i fjøsen, og han vedgår at også han synest det var litt hustrig å krysse tunet.

– Det er kaldt, men det kunne ha vore mykje verre. Det går iallfall mykje ved, det er fyr i omnen 24 timar i døgnet. Men eg har mykje ved på lager - over 30 pallar.

Og for fjøsstellet er ikkje minus 24,5 grader noko problem.

– Så lenge det ikkje blir slik i vekesvis så går det bra. Det einaste er frose silofor og rundballar. Men vi har vore ute ein vinterdag før, og vi får stadig betre utstyr til å hjelpe oss med.

John Molland

TRIVST I KULDA: John Molland.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Termodressane er fantastiske

Molland hugsar at på 1960-talet vart det målt minus 39 på Veitastrondi, men dei var godt kledde i heimestrikka bukser og gensarar.

– Det som var dårlegast var skotøyet. I dag er vi betre skodde, og så har vi desse termodressane, dei er heilt fantastiske.

Inne i fjøsen er det godt over null, det er mest for at dei som steller der ikkje skal fryse. Kyrne greier seg godt om det er kaldt. Og dei får godt med kraftfor og silofor, og dei blir mjølka.

Glad for å sleppe rasfare

Det vêret veitastrendingane likar minst om vinteren er når kvikksølvet kryp over null, og det samstundes er mykje snø i fjellet. Då losnar det fort snøskred som kan stenge vegen inn til bygda. Dermed trivst dei godt med nokre minusgrader.

– Det er ein ideell vêrsituasjon for dei som ferdast på strandavegen. Men det hadde vore like trygt om det var nokre færre minusgrader - minus 10 hadde vore meir passeleg.

For når vegen er stengd kan det skape problem for mjølkeleveringa. Mjølkebilen kjem til Veitastrondi kvar tredje dag. Kjem ikkje bilen fram på grunn av ras så risikerer bøndene å måtte tømme ut mjølka.

– Det har eg heldigvis vore spart for til no. For det er det verste eg gjer.

John Molland

KAFÉEN NESTE: Klokka 11 møtest bøndene på kaféen på Veitastrondi.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

På kafé for å løyse verdsproblem

I dag er risikoen for det veldig liten. Og dei mange kuldegradene gjer ikkje så mykje, for Molland har ikkje planar om så mykje uteaktivitet.

– Når eg er ferdig i fjøsen skal eg inn til frukost og fyre i omnen. Og klokka 11 skal eg på kaféen for å sjå om det er nokre verdsproblem vi kan løyse. Vi er bønder alle som møtest der, så vi har dei same problema - felles skjebne, felles trøyst.

«Forunderlege Sogn og Fjordane»

Og samstundes som John Molland fortel om dei minus 24,5 gradene på Veitsatrondi rapporterer ein radiolyttar frå Sande på Stadlandet om plussgrader.

«Forunderlege Sogn og Fjordane - minus 24 på Veitastrondi, utanfor kjøkenglaset mitt er det pluss tre».