Hopp til innhold

Frykta dei måtte tømme ut 10.000 liter mjølk

Sidan fylkesveg 337 mellom Veitastrond og Hafslo lenge var stengd grunna ras, frykta bøndene at all mjølka dei har på tankane måtte tømmast ut. Men no kjem likevel mjølkebilen søndag kveld.

Veitastrond

TRUR DEI MÅ TØMME: Bøndene på Veitastrond fryktar dei må tømme ut all mjølka dei har produsert dei siste tre dagane.

Foto: John Molland/Trond Olav Neteland

– Vi har fått beskjed om at mjølkebilen kjem i løpet av kvelden, så det er vi glade for, seier John Molland på Veitastrond til NRK.no i 17.40-tida.

Tidlegare søndag ettermiddag frykta han at den stengde vegen ville føre til at minst 10.000 liter mjølk måtte tømmast ut.

Like over klokka 18.00 opplyser Vegtrafikksentralen i Lærdal at vegen til Veitastrond er opna. Brøytemannskapet har klart kome seg gjennom snøskredet som sperra vegen.

Dermed kjem mjølka dit ho skal på meieriet.

Sjølv tippa Molland at han har om lag 1300 liter mjølk på tanken, men det er fleire bønder i bygda som har meir. Og når det ikkje vert henta på den tredje dagen, slik det skal, så er det berre å slå det ut.

– Eg skulle gladeleg ha levert det utan å få ei krone enn å slå det vekk slik. Det er trass alt menneskeføde, seier Molland.

Er gale å kaste brukande mat

Han legg til at det ikkje er pengane det står om, for i utgangspunktet skal bøndene få erstatning når slike ting skjer.

– Vi skal i utgangspunktet ikkje tape på det. Men det verste er å kaste fullt brukande mjølk, seier Molland.

Vegen til Veitastrond har vore stengd sidan laurdag grunna ras og fare for ras, og brøytinga av vegen tok til i 13-tida søndag.

– Men dersom vegen vert opna til i morgon, kan ein ikkje vente med å levere til dess?

– Om ein skulle få lov til det, så er det uansett slik at dei færraste har kapasitet til å sitje på så store mengder mjølk. Det vil bety to mjølkingar til, og det er uhorveleg mange liter, seier Molland.

Meiner dei starta for seint

Molland er kritisk til at det har teke så lang tid å starte oppryddingsarbeidet.

– Eg har ikkje tru på at dei klarar å opne i dag. Det er ikkje det at det er dei store snømengdene, men det er mange små ras. Og når det blir så lang strekkje, så tek det tid. Då er det litt rart at ein ikkje tek til før på dag. Ein veit jo at det blir mørkt allereie i 15-16-tida, seier Molland.

Statens vegvesen påpeikar at det ligg grundige vurderingar bak når ein tek til med oppryddingsarbeid.

– Vi hadde ei vurdering på føremiddagen og då vart det gitt klarsignal. Eg kjenner ikkje til nøyaktig når brøytinga tok til, men det var nok ein del naudsynt utstyr som skulle på plass. I tillegg er vurdering av rasfare det viktigaste kriteriet før vi sender folk inn i eit område, seier byggherrevakt i Statens vegvesen, Asbjørn Rønneid

Han reknar med at vegen kjem til å vere open innan klokka 16–17.

Ifølgje Vegmeldingssentralen har ein også tru på at vegen skal verte opna i løpet av dagen.

– Det er det ein håpar på, så vi får stole på det, seier operatør Ketil Molvær.