Hopp til innhold

- Politisk svik mot Veitastrond

Folk på Veitastrond er fortvila over kuvendinga frå fylkespolitikarane. – Eit politisk svik, seier Asbjørn Nes.

Veitastrond
Foto: NRK

Måndag gjekk fleirtalet i fylkesutvalet inn for å flytte 16 millionar kroner frå rassikringsløyvingane til Veitastrond i Luster til strekninga Ulvestad-Menes i Balestrand.

– Fly forbanna

– For å vere heilt ærleg så vart eg som dei fleste andre her framme - fly forbanna. Det er rett og slett eit politisk svik mot dei som er i ferd med å etablere seg her og som trudde tunnelen no skulle kome.

Eit håp om trygg veg vart snudd til fortviling og vonbrot på Veitastrond i går, fortel leiar i rassikringsnemnda, Asbjørn Nes.

Bjødnabakk-tunnelen, ein av tre tunnelar som skal sikre vegen til Veitastrond, miste i går 16 millionar kroner. Bakgrunnen er at rassikringa av fylkesveg 152 til Menes i Balestrand vart dyrare enn planlagt. Ap og Sp ville likevel prioritere vegen til Menes, og fekk fleirtal i fylkesutvalet for å ta pengar frå tunnelplanane på Veitastrond.

Arnstein Menes

SKULDA FOR Å HA PÅVERKA: Arnstein Menes (Sp).

– Mjølar si eiga kake

Nes hevdar leiar i samferdsleutvalet, Arnstein Menes, som bur på Menes, skal ha påverka partikollegaene sine, og viser til liknande omprioritering i 2009.

– No ser vi tydeleg at politikarane mjølar si eiga kake og sin eigen arbeidsveg. Det må vere det næraste politisk korrupsjon som det går an å kome.

– Har sete på sidelinja

Arnstein Menes avviser at han har påverka vedtaka.

– Det som er viktig for meg å få fram er at eg tidleg i prosessen tok kontakt med sekretariatet i fylkeskommunen for å få vurdert min habilitet i denne saka. Eg har ikkje vore med og diskutert ho i samferdsleutvalet, heller ikkje i gruppa i Senterpartiet. Eg har sete på sidelinja.

Gruppeleiar for Sp Jenny Følling forklarar pengeflyttinga med at Bjødnabakktunnelen ikkje var fullfinansiert, og at arbeidet der difor uansett ikkje kunne starte som planlagt. Ho kan ikkje love at vedtaket ikkje forseknar sikring av vegen til Veitastrond.

Fylkestinget skal handsame saka i dag. Dersom utfallet blir det same som i fylkesutvalet er det eit hardt slag for Veitastrond, seier Asbjørn Nes.

– Det får den konsekvensen at den optimismen som er på Veitastrond no snur. For første gong sidan 1970-talet så flytter det unge folk hit.