Hopp til innhold

Ho blei årets nyttårsbarn

Ei lita jente blei årets nyttårsbarn i Sogn og Fjordane. Stolte foreldre gler seg over at ventetida er over.

Nyttårsbarnet i Sogn og Fjordane 2013

NYTTÅRSBARNET: Denne vesla var det første barnet som blei fødd i Sogn og Fjordane i 2013.

Foto: Hege Sæthre

Jenta blei fødd klokka 03:38 ved Førde sentralsjukehus. Foreldra er Hege Sæthre og Per Johan Hove frå Sogndal. Den nyfødde jenta er deira første barn.

Jenta er 3760 gram og er 50 cm lang. Mamma Hege seier det var stas å få nyttårsbarnet.

– Det var veldig kjekt. Vi hadde termin 4. januar og det var berre bra at ho kom før. Eg var litt lei no på slutten, seier ho.

Enda med keisarsnitt

Ho blei sendt med ambulanse frå Sogndal nyttårsaftan og var på sjukehuset i 22-tida. Få timar etter var den vesle jenta fødd.

– Det enda med keisarsnitt, men det var ikkje så veldig dramatisk. No er eg etter forholda i fin form, fortel ho.

Veslejenta har enno ikkje fått namn, men dei har eit som dei trur det blir.

– Men det vil vi fortelje til våre næraste først, seier ho.

Nøgd lita tulle

No blir dei på sjukehuset i Førde til i morgon, før dei tek resten av barseltida på sjukehuset i Lærdal. Og den nye verdsborgaren ser ut til å ha det fint.

– Ho et og søv og verkar veldig nøgd, seier mamma Hege.

Tre på rappen i Drammen

Det er fjerde året på rad at nyttårsbarnet i Sogn og Fjordane er ei jente. Ei ringerunde til sjukehusa på Voss og i Volda, viser at ingen fjordingar eller sogningar førebels er fødde der 1. nyttårsdag.

Det blei først meldt at årets nyttårsbarn i Norge blei fødd på sjukehuset i Volda, berre 13 minutt inn i det nye året. Men det viste seg at tre barn ved Drammen sjukehus var kjappare. Knapt eitt minutt etter at rakettane blei skotne opp, kom årets første nyttårsbarn til verda ved Drammen sykehus . Deretter kom det to til på rappen.